Gurskenkonferansen 2023

Studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda er inviterte til ein gratis konferanse 15. november med spennande gjester og relevant innhald om næringslivet på Sunnmøre.

Gurskenkonferansen 2023.

Gurskenkonferansen 2023 blir arrangert på Thon Hotel Fosnavåg 15. november.

Gurskenkonferansen blir arrangert 15. november 2023 på Thon Hotel Fosnavåg kl. 16.30–19.30. Det er gratis å vere med, og alle interesserte kan melde seg på innan 13. november ved å kontakte Bjørn Gunnar Tafjord, seniorrådgjevar for FoU og ekstern aktivitet ved Avdeling for samfunnsfag og historie.

Vil få fram synergiane i regionen

– HVO er ein viktig samfunnsaktør i sunnmørsregionen, og høgskulen skal vere synleg og relevant overfor det arbeidslivet som finst her – og ikkje minst må vi vise studentane våre kva som finst av arbeidsliv i regionen, understrekar Bjørn Gunnar Tafjord.

Han vil oppmode både studentar og tilsette om å nytte seg av denne typen møtepunkt med næringslivet og samfunnsaktørane i regionen, og han tipsar om at Gurskenkonferansen er lagd utanfor arbeidstid, slik at den praktiske terskelen for deltaking skal vere lågare.

– Sjølv om konferansen har eit maritimt fokus, femnar han eigentleg vidare: Mange er nok ikkje klar over kor mange ulike typar stillingar som finst i store, private bedrifter på Sunnmøre. Studentane trur kanskje at ein må vere ingeniør, økonom eller sveisar for å jobbe i mange av sektorane i regionen vår, men det er svært stor breidde i relevante stillingar i næringslivet her, så det er viktig å vere nysgjerrig på kva som finst, og det gjeld også for undervisninga og forskinga ved HVO, utdjupar Tafjord.

Program

  • 16.30: Opning med kunstnarisk innslag
  • Innlegg og debattar
    • Samtale med Sylvi Listhaug og Linda Hofstad Helleland.
    • Debatt: Sylvi, Linda og Per Sævik saman med lokale politikarar. Debattleiar er Jan Åge Fjørtoft.
  • Næringsteft
  • «Skaparglede»
    • med Njål Sævik, Per Sævik, Kjersti Kleven og Tore Ulstein
  • Prisutdeling
  • Avslutning med kunstnarisk innslag
    • song og musikk: Laila F. Sandanger og Bjørn Holum
  • 19.30: Slutt

 

Sjå fleire detaljar om konferansen og programmet her (PDF-fil).

Del på: