Grunnsteinsnedlegging for Sivert Aarflot-huset

Torsdag 1. oktober kl 13.00 blir det offisiell markering av grunnsteinsnedlegging for Sivert Aarflot-huset.

På grunn av HMS og koronaomsyn vert det berre nokre svært få personar som blir med INNE i huset der seremonien skal skje, så det vert diverre inga omvising i huset i denne omgang. 

Men seremonien blir strøyma, så alle som vil kan følgje med på det seremonielle og helsingane som kjem i høve dagen. 

Vi kallar dette for ei digital grunnsteinsnedlegging. Både fordi den blir strøyma – men også fordi grunnsteinen får ei QR-kode som vonleg får eit meir levande digitalt liv enn ein tradisjonell grunnstein. 
 

Del på: