Gratis-seminar om kunstig intelligens

Kunstig intelligens (KI) har vore i fokus i det siste og byr på store endringar, moglegheiter og utfordringar i tida som kjem. Det er essensielt at ulike aktørar samarbeider for å navigere i denne nye æraen, og for å sikre at vi utnyttar KI på best mogleg måte for samfunnet.

Kunstig intelligens

Høgskulen i Volda tek initiativ til eit dykk inn i temaet, og ynskjer å invitere fylkeskommunen, kommunane, privat næringsliv, frivillige organisasjonar, studentar og andre som er interesserte i kunstig intelligens til eit gratis KI-seminar.

 

Målet er ikkje berre å dele innsikt og refleksjonar, men også utforske korleis vi kan styrke samarbeidet mellom ulike aktørar i tilnærminga til KI.

I tillegg til våre eigne fagpersonar, har vi gleda av å ha med oss representantar fra m.a. helsesektoren, oppdrettsnæringa og medieproduksjon. Dei vil gi døme pa korleis KI blir nytta i praksis og korleis ulike sektorar kan dra nytte av å samarbeide om KI-satsinga.

Merk deg datoen: 9. november. Kom og bli inspirert, og gjer deg klar for dei store endringane som ligg føre.

Påmeldingsfrist: 2. november.

Del på: