Studer mediefag i Volda!

   

Studer medie- og journalistfag i Volda!

Tett samarbeid med bransjen, moderne og framtidsretta utstyr og praktisk retta undervisning gjer at studentane frå Volda er attraktive i arbeidsmarknaden. Høgskulen i Volda har sidan 1971 utdanna anerkjente journalistar, og medieutdanninga vår er kanskje den mest kjende fagutdanninga for medieyrke i Noreg i dag. Og i 2021 får vi nytt mediebygg!

Gode grunnar til å studere mediefag i Volda

Mykje praksis: Du har tilgang på utstyr 24 timar i døgnet hos oss. Vi har mykje internpraksis og særs gode avtalar for ekstern praksis. Vi opplever at studentane våre er erfarne når dei er ferdig utdanna.

Topp utstyr og spesialrom: Utstyret du har tilgang til hos oss tilsvarar det du ville brukt i jobb. Vi har radio- og tv-studio, animasjonsverkstad og alt du treng av spesialrom for å bli god og ha det kjekt. 

Tett samarbeid med bransjen og godt nettverk: Høgskulen har eit godt og nært forhold til dei ulike bransjemiljøa både her i Noreg og i utlandet. Det betyr også at vi har mange dyktige gjesteforelesarar på besøk hos oss, og at du får gode kontakter gjennom studietida. Også medstudentane dine vert verdifulle kontakter, i tillegg til at du mest sannsynleg vil få vener for livet. 

Studieopphald i utlandet: Høgskulen i Volda er ein av dei beste på internasjonal studentutveksling. På campus har vi mange utanlandske studentar. I løpet av medieutdanninga kan du velje å studere i utlandet, og vi har mange aktuelle samarbeidspartar. 

Nytt mediebygg: I 2021 får Høgskulen i Volda splitter nytt mediebygg, tilpassa ei medieutdanning for framtida.

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under.