Studer historie og religion i Volda!

Studer historie og religion i Volda!

Tek du historie- eller religionsfag ved Høgskulen i Volda vil du møte eit attraktivt fagmiljø og dyktige lærarar. Du kan anten fordjupe deg i fagfelta, eller bygge på eksisterande utdanning. I 2019 lanserte vi landets første fullverdige historiebachelor på nett, og har spesialdesigna studio for nettundervisning. Studerer du historie eller religion, kan du til dømes vere aktuell for jobbar innanfor formidling, skuleverket, kultur, internasjonalt arbeid, helsesektoren, media og kyrkja.
 

Vi tilbyr mellom andre desse studia: 

Historie (årsstudium)

Historie (bachelor)

Historie (bachelor - nettstudium)

Kulturmøte (master)

Religion, livssyn og etikk (årsstudium)

Gode grunnar til å studere historie og religion i Volda! 

Kan kombinerast med kvardagslivet: Vi har eit breitt utval nettemner og fleksible studieformer som gjer at du kan tilpasse utdanninga til jobb- eller familiesituasjon. 

Dyktige fagfolk: Historie- og religionsinstitutta våre har dyktige læarar med opne dører. Studerer du på Høgskulen, vil du oppleve at det er kort veg og opne dører til fagmiljøet.

Først i landet: I 2019 lanserte vi landets første historiebachelor på nett. 

Spesialdesigna studio: Vel du nettstudium ved Høgskulen i Volda, vil du oppleve at vi har lang erfaring og utstyret i orden. Dette er vi gode på. 

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under.