Global Media Journal

Global Media Journal - Norwegian Edition

Heim

Om GMJ-NO

Tekst

Sjå gjennom

Siste utgåve

Tekst

Alle utgåver

Tekst

Informasjon om tidsskriftet

Formål

GMJ-NO er eit tidsskrift med open tilgang knytt til Høgskulen i Volda. Formålet med tidsskriftet er å publisere vitskaplege arbeid frå ulike delar av media- og kommunikasjonsfaget og tilknytte fagområder. Tidsskriftet ønskjer tekstar som bidreg med ny og relevant innsikt til kommunikasjons- og mediefaga. Tidsskriftet ønskjer spesielt tema som knyter ulike disiplinar saman i tverrfaglege arbeid. Tidsskriftet opererer ikkje med artikkelinnleveringsgebyr eller publiseringsgebyr.

Redaksjon

Ansvarleg redaktør
Burcu Sabuncuoglu Peksevgen  gmj-no

Assisterande redaktørar

Kristian Fuglseth - Norsk redaktør
Sefik Peksevgen - Engelsk redaktør
Idar Flo
Jens Standal Groven
Redaksjonsråd

Retningslinjer for forfattarar

Innlevering av manuskript

Alle manuskript må sendast elektronisk til e-postadressa som er oppgitt artikkelutlysinga.
Forfattarane er ansvarlege for at arbeidet er originalt, og der andre sitt verk og/eller sitat vert brukt må dette anerkjennast. Plagiat i alle former vert rekna som uetisk og heilt uakseptabelt. Tidsskriftet fyl dei forskingsetiske retningslinene ved Høgskulen i Volda

Aksept / Ikkje-aksept

Fagfellevurderingar vert gjennomført etter «dobbel blind»-prinsippet. Artikkelforfattarar og fagfeller vert anonymiserte ovanfor kvarandre. Redaktørane tek den endelege avgjerda om publisering i samråd med redaksjonen. Prosessen tek frå to til fire månader avhengig av innleveringsdato. Alle forfattarane får melding frå redaksjonen etter at fagfellevurderinga er gjennomført. Avgjerder om akseptert eller avvist artikkel er endelege.

Opphavsrett

Ved levering av artiklar til GMJ-NO, stadfestar forfattarar at manuskripta, eller liknande versjonar av desse aldri har vore publiserte og ikkje er under handsaming av eit anna tidsskrift eller utgjevar. Forfattarane stadfestar også at manuskripta ikkje bryt reglar om opphavsrett, anten det gjeld bilete, illustrasjonar, figurar, tabellar eller sitat som er brukte. Dette gjeld også i dei tilfelle der GMJ-NO har fått løyve frå forfattarane til at GMJ-NO kan gje ut publiserte artiklar, litteraturstudiar, bokmeldingar, osb. på nytt. I andre elektroniske og/eller trykte formater, inkludert bøker osb. kan forfattarar be om løyve frå ansvarleg redaktør til å publisere manuskripta sine i andre publikasjonar. Forfattaren sine syn, ytring eller meiningar uttrykt gjennom GMJ-NO representer ikkje synet til ansvarleg redaktør, redaksjonen eller Høgskulen i Volda. Forfattaren sjølv er ansvarleg for innhaldet i manuskriptet.

Skrivereglar

Artiklar sendt til GMJ-NO skal halde seg innanfor desse reglane:

Artikkelen skal skrivast på engelsk eller norsk, og følgje referansestilen APA

Alle artiklar må innehalde:
         (a) Tittelen på artikkelen
         (b) Forfattaren sitt namn
         (c) Forfattaren si vitskaplege grad og institusjonelle tilknyting
         (d) Post- og e-postadresser
         (e) Samandrag av artikkelen på både engelsk og norsk

Tabellar, grafar, diagram, osb. må vere inkluderte i den innleverte teksten.

Sjølv om det ikkje er ei absolutt lengde, må innsende artiklar helst ikkje overstige 8 000 ord. Tekstar over 8 000 ord vert aksepterte etter redaksjonell godkjenning.

Alle innleverte tekstar må vere korrekturleste og halde ein god rettskrivingsstandard.

Tekstar som ikkje held desse reglane vert sendt attende for redigering.

Forfattarane er ansvarlege for å innhente naudsynte løyver frå opphavsrettsinnehavarar for å attgje tidlegere publisert materiale, inkludert diagram, grafar, bilete, tabellar, osb.

Forfattarane bør vurdere å ta med lekkjer til referansar eller nettsider knytt til arbeidet. Dette er særskilt viktig knytt til elektroniske publikasjonar.

Dei innsende tekstane kan ikkje vere publiserte tidlegare verken før eller etter tidspunktet for handsaming av publiseringa i GMJ-NO.

Indeksering

ISSN for nettidsskrifter: 
GMJ-NO er publisert to gangar i året. Eitt vår og eitt haust, og inkluderer fagfellevurderte artiklar både på norsk og engelsk.
GMJ-NO er indeksert i: