Frist for å svare på Studiebarometeret
Studiebarometeret er den årlege nasjonale studentundersøkinga der studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar svarar. Frist for å svare er 14. november 2022.
Alle som kan svare har fått tilsendt personleg lenke til svarskjema på sin private e-post 24. oktober. Fram til 14. november vil det også bli sendt påminningar både til privat e-post, student-e-post og sms.
Resultata frå undersøkinga er viktig i høgskulens arbeid for å gjere studia enda betre.
– Resultata frå undersøkinga er viktig for kvalitetsarbeidet vårt med dei ulike studieprogramma. Alle studieprogram har eit eige kvalitetsutval som dette blir teke opp i og arbeidd vidare med. Vi diskuterer også resultata med studentane, og går gjennom kva ein kan forbetre og korleis. Samtidig blir resultata frå studiebarometeret også tatt opp i avdelingsråda på høgskulen, utdanningsutvalet og i høgskulestyret. Dei som svarar skal vite at svara deira blir teke på alvor av høgskulen, forsikrar Tonheim.