Framstilling av fysiske produkt i den digitale verkstaden

digital lunsj

Arbeidsmåtar der studentar og elevar er aktive, vert ofte framheva som gode læringsformer og kan bidra til dybdelæring. I fagfornyinga vert tverrfaglegheit framheva som ei sentral arbeidsform, og vi vil sjå nærare på korleis produksjon av fysiske produkt ved hjelp av ulike digitale verktøy kan bidra til å realisere læringsmål i ulike fag.

Dei løysingane som vert presenterte er svært relevante for skulen både fordi det vert realistiske budsjett.

Denne lunsjen vil Peder og Rebekka Sefland gjere oss betre kjende med korleis 3D-printer, robot, CNC  (datastyrt fresemaskin) og Raspberry Pi (mikro-datamaskin) kan vere gode verktøy i tverrfagleg undervisning på høgskulen og i skuleverket. Korleis kan produksjon av treprodukt, digital sløyd, bidra til at ein lærer om koordinatsystemet? Klarer vi å steike sveler ved hjelp av ein 3D-printa robot i løpet av lunsjen?

For lenke til Zoom-møte, kontakt IT-hjelp.


https://www.hivolda.no/laeringsverkstaden

 

Del på