Trykkjestøtte og open tilgang

Trykkjestøtte

Tilskot til trykkjestøtte vert gitt til publisering i eksterne publiseringskanalar.

Vitskaplege monografiar og antologiar utgitt på godkjente vitskaplege forlag vert prioriterte, men også andre typar utgjevingar kan få støtte.

Søknader om tilskot til trykkjestøtte vert handsama av Publiseringsutvalet ved HVO. Publiseringsutvalet har ikkje faste møte, men når det kjem inn søknader om trykkjestøtte, prøvar ein å få til møte slik at søknaden kan bli raskt handsama.

Søknad sendast Publiseringsutvalet v/ forskingsrådgivar Geir Tangen på e-post: geir.tangen@hivolda.no. Dokumentasjon/kalkyle over trykkjekostnader og evt. avtale med forlag må leggjast ved.

Midlane vert delt ut av Publiseringsutvalet. Søknadsfrist: Løpande.

Publiseringsfond for open tilgang

Publiseringsfondet vart oppretta som ei prøveordning gjeldande for 2014 og 2015. Ordninga vart vidareført frå og med 2016.

Ein føreset at støtte vert gjeve til artiklar i godkjende kanalar for vitskapleg publisering.

Nærare informasjon om publiseringsfondet

For nærare informasjon om publiseringsfondet ved Høgskulen i Volda, kontakt forskingsrådgivar Geir Tangen. Telefon 70 07 53 44. 

Søknadsskjema 

Retningsliner

Om open tilgang/Open Access

Meir informasjon om open tilgang/Open Access finn du på heimesida til Cristin

Forskingsrådets stimuleringstiltak (STIM-OA) for open tilgang/Open Access

Forskingsrådet ynskjer at resultat frå offentleg finansiert forsking i størst mogleg grad er opent tilgjengeleg. Gjennom STIM-OA-ordninga skal Forskingsrådet medverke til å lette overgangen til open publisering.

European University Association (EUA)

Den europeiske samansluttinga av universitet har i 2015 utarbeidd ei eiga Open Access sjekkliste:

EUA's Open Access checklist