Støtteordningar for stipendiatar

Desse ordningane gjeld også og professor- og dosentstipendiatar.

Støtte til utanlandsopphald

Stipendiatar kan søkje om støtte til utanlandsopphald som er viktig for å gjennomføre doktorgradsprosjektet. Stipendiatar kan også søkje om å få dekt kostnader med å ta med familien på utanlandsopphald. Søknaden med budsjett skal rettast til Forskingsutvalet. Som vedlegg til søknaden skal det liggje føre invitasjon frå utanlandsk institusjon og tilråding frå rettleiar. Støttesummen følgjer satsane til Noregs forskingsråd. Den maksimale støtteperioden er seks månader.


Støtte til språkvask

Stipendiatar kan søkje om støtte til språkvask av publiseringsklare artiklar eller monografi på engelsk. Større søknader skal rettast til Forskingsutvalet, medan mindre søknader kan handsamast av FoU-administrasjonen.


Deltaking på internasjonale konferansar

Stipendiatar kan søkje FoU-administrasjonen om støtte til deltaking på internasjonale konferansar.