Støtte til forskingsgrupper

Frå og med 2019 kan leiarar av forskingsgrupper ved Høgskulen i Volda søkje om midlar til aktivitet i forskingsgruppene.

Midlane skal brukast til å styrke faglege aktivitetar, stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid og utarbeide søknader om eksterne forskingsmidlar. Ubrukte midlar vert inndratt pr. 1. januar året etter. Forskingsgruppene rapporterer årleg til Forskingsutvalet om aktivitetar og resultat i løpet av året.

Forskingsgrupper med minimum 5 medlemar blant dei fagtilsette ved HVO kan søkje om ein årleg sum på kr. 50 000 for aktivitetar i inneverande år. Forskingsgruppper med 3-4 medlemar blant dei fagtilsette ved HVO kan søkje om ein årleg sum på kr. 15 000 for aktivitetar i inneverande år. For å få støtte må dei følgje krava sett i sak 40/17 ved å ha aktiv deltaking frå gruppa sine medlemar, involvere masterstudentar og stipendiatar på fagfeltet i den grad det er mogleg og vere oppført på HVOs nettsider med oversikt over formål, medlemar, aktivitetar og prosjekt.

Søknadsfrist i 2019 var 15. januar. Midlane vert utlyst i desember med søknadsfrist tidleg i januar kvart år. 

Det er forskingsadministrasjonen som tildeler midlane.

Spørsmål om ordninga kan rettast til forskingssjef Henriette Hafsaas.

 

Forskingsgrupper