Professor-/dosentstipend

Vilkår og kriterier

Stipenda følgjer i størst muleg grad vilkåra som er sett for doktorgradsstipend. Det vil seie at dei som får professor-/dosentstipend får 50 prosent arbeidstid til å forske og i tillegg to FoU-stipend. Stipendløp av varigheit på inntil tre år vert prioritert. Dei som går inn i stipenda får også driftsmidlar som skal dekkje reiser, utgifter til datainnsamling, litteratur og liknande med same beløp som andre doktorgradsstudentar. Professor-/dosentstipenda vert tildelte under føresetnad av at mottakarane dokumenterer tilfredsstillande framdrift gjennom årlege rapportar til Forskingsutvalet. Dei som får professor-/dosentstipend må sende ordinær søknad om FoU-stipend og der gjere greie for framdrift i prosjektet.

Rektor peiker ut ein kommisjon som vurderer dei innkomne søknadane og som gir tilråding til Forskingsutvalet om kven som bør få tilbod om professorstipend. Søknadar om dosentkompetanse vil bli likestilt med søknader om professorkompetanse.

Søknadene vil bli vurderte etter følgjande kriterier:

-       Søkjer må være fast tilsett ved HVO.

-       Søkjer må ha fått godkjenning frå institutt og avdeling for planane om professor- eller dosentkvalifisering og positiv vurdering frå avdelinga som ein er tilsett ved opp mot 1) HVOs Strategiplan for Forsking og utvikling og 2) avdelingas FoU- plan.

-       Søkjer må ha avlagt doktorgrad i løpet av dei siste 8 åra, eventuelt ha høg FoU-produksjon.

-       Søknaden må innehalde plan for gjennomføring av stipendløpet når det gjeld forskingsarbeid, internasjonalisering og søknadsarbeid/prosjektleiing.

-       Prosjektet må knytast opp mot ei forskingsgruppe eller eit aktivt forskingsmiljø som stiller med ein mentor og gir professorstipendiaten høve til å rettleie masterstudentar.

I Høgskulen i Voldas strategiplan for FoU er det eit prioritert mål å få fleire kvinner inn i toppstillingar. Kvinner vert difor særskilt oppmoda til å søkje om professorstipend.

Aktuelle søkjarar blir oppmoda til å sette seg inn i vedtaket i Forskingsutvalet og å skrive ein søknad som svarer best muleg på dei kriteria som Forskingsutvalet har sett opp. Søknaden bør liggje opp til Forskingsrådets standard og kan vere på maksimalt 10 sider. Søknaden kan skrivast på norsk eller engelsk.

Send inn følgjande vedlegg til søknaden:

-       CV.

-       Publikasjonsliste for siste 10 år.

-       Stadfesting frå dekan og instituttleiar.

-       Stadfesting frå mentor.

-       Eventuelle tidlegare vurderingar for professorstilling eller personleg opprykk til professor.

 

Fagleg tilsette som har fått innvilga professor-/dosentstipend ved Høgskulen i Volda
 

Tildelt i 2014:

Knut-Willy Sæther, AHL (Professorkompetanse i 2017)

Wenche Torrissen, AKF

Nathalie Homlong, ASH (Professorkompetanse i 2015)

 

Tildelt i 2015:

Ellen Lexerød Hovlid, AMF

Ivar John Erdal, AMF

 

Tildelt i 2016:

Erik Fooladi, AHL

Birgitte Fondevik, AHL

 

Tildelt i 2018:

Jonas Gamborg Lillebø, AHL

Helga Synnevåg Løvoll, AKF

Wenke Mork Rogne, AHL