FoU-stipend 

Faglege tilsette i minimum 50% fast stilling ved Høgskulen i Volda kan bli tildelt FoU-stipend. FoU-stipendet skal gi høve til forsking og fagleg utvikling i eitt semester for å gjennomføre eit fagleg basert program for vidarekvalifisering. Eit stipend skal gje den tilsette høve til å drive målretta kompetanse- og kunnskapsutvikling og å drive forsking, utviklingsarbeid eller anna verksemd som byggjer opp den faglege, pedagogiske og administrative kompetansen for den enkelte og for institusjonen. Dette gjeld først og fremst kompetanseutvikling utover høgskulelektor-/amanuensisnivå.

Det er eit vilkår for å kunne ta til i FoU-stipendet at ein faktisk har ordna med frikjøp frå stillinga si, til dømes ved at det vert tilsett vikar.

Midlane vert delt ut av Forskingsutvalet etter prioriteringar frå avdelingane.

Søknadsfrist i 2019:

30. april for uttak av stipend våren eller hausten 2020.