Prosjektstøtte

Høgskulen i Volda tilbyr administrativ støtte undervegs i utviklinga av eit eksternt finansiert forskingsprosjekt og i sjølve søknadsarbeidet.

Planlegging og utvikling av prosjekt

Dersom du skal utvikle eit forskingsprosjekt, kan du søkje om Såkornmidlar. Søknadsfristen er i mars kvart år. Målet med såkornmidlane er å auke forskingsaktiviteten ved at det vert utarbeidd konkrete prosjektsøknader til eksterne finansieringskjelder som Forskingsrådet og EU. Tidleg i planlegginga bør du drøfte prosjektidéen med instituttleiar og dekan for å avklare om prosjektet er i samsvar med mål og strategiar og at det finst tilgjengelege ressursar. HVO har eit uttalt mål om å auke BOA-inntektene.

Søke støtte

Dei som skal skrive prosjektsøknader til eksterne finansieringskjelder bør ta kontakt med forskingssjef så tidleg som mogleg i søknadsprosessen, for å få sett opp ein plan for framdrift og administrativ støtte i søknadsfasen.

Det er viktig å gjere seg godt kjent med retningslinjene for det programmet du skal søkje om midlar frå. Forskingsavdelinga eller FoU-konsulentane på avdelingane kan hjelpe deg med dette.

Om du har samarbeidspartnarar i prosjektet, så er det viktig at de avklarar forventningar rundt ressursar og er einige om økonomi, eigendelar og forskingstid, eigarskap til resultata, personal- og hms-ansvar.

Budsjetteringa i prosjektsøknader til Forskingsrådet er tidkrevjande, så det er viktig å kome tidleg i gang. Forskingsadministrasjonen og økonomikonsulentane på avdelingane kan hjelpe med dette arbeidet, men hugs å ta kontakt i god tid før søknadsfristen. Søknadene skal innehalde eit fullstendig prosjektbudsjett som inkluderer direkte og indirekte prosjektkostnader og som er periodisert på kalenderår. Budsjettet skal deretter brytast ned i ein kostnadsplan fordelt på fire kostnadstypar (personal og indirekte kostnader, innkjøp av FoU-tenester, utstyr, andre driftskostnader), kostnadsstad (fordelt på sektorar) og finansieringsplan (t.d. bidrag frå Forskingsrådet, eigendel og bidrag frå andre samarbeidspartnarar).

Når det første søknadsutkastet er ferdig, bør det verte evaluert både fagleg og administrativt.

Andre kollega kan gjere den fagleg evalueringa. Ta kontakt med forskingssjef om det er naudsynt å leige inn eksterne fagpersonar til dette. Forskingsadministrasjonen kan også lese gjennom søknaden for å sjå om den svarer på utlysinga og sjekke den for formelle feil.

Ved søknader til NFR skal høgskuledirektør vere ført opp som prosjektadministrator. 

Når du har sendt søknaden, må du sende ein kopi til forskingsavdelinga@hivolda.no. Vi vil arkivere søknaden i Public360 med avgrensa lesetilgang.