Open Access

Fri tilgang/Open Access inneber at vitskaplege publikasjonar vert gjort fritt tilgjengelege på internett.

Ei av hindringane for slik fri og open tilgang, er at publisering i Fri tilgang/Open Access - tidsskrift kan medføre kostnader til forfattarane. Dette medfører at slik publisering for forskaren framstår som dyrare enn publisering i tradisjonelle tidsskrift, og forskaren vil kunne oppleve dette som eit argument mot å publisere i Fri tilgang/Open Access - tidsskrift.

For å fjerne hindringa for fri og open tilgang, har høgskulestyret gjort vedtak om å setje av midlar til eit fond for å dekkje forfattar-/førehandskostnader ved Fri tilgang/Open Access - publisering.