Forskingsetikk og personvern

Forskingsetikk skal vere ein integrert del av all forsking ved Høgskulen i Volda.

Forskingsetikk

Omgrepet forskingsetikk viser til lover og retningslinjer, men handlar også om haldningar, kultur og god vitskapleg praksis. Kvar enkelt forskar har ansvar for at forskinga deira vert utført i samsvar med lover og retningslinjer og følgjer god forskingsskikk. Høgskulen i Volda har ansvar for at alle som driv forsking har fått naudsynt opplæring i anerkjente forskingsetiske normer. Forskingsetikk vert regulert av både nasjonale og internasjonale lover og retningslinjer. 

Nyttige lenker

Kontaktperson ved Høgskulen i Volda

Lokal kontaktperson i slike saker er Forskingssjef

Personvern

Dersom du samlar inn personopplysningar i forskingsprosjektet ditt, kan det hende du er pliktig til å melde prosjektet inn for Personvernombodet for forsking.

Reglane seier at om du ved hjelp av intervju, spørjeskjema, observasjonar eller på annan måte skal samle inn, registrere, behandle, eller lagre opplysningar om personar (personopplysningar), er prosjektet ditt sannsynlegvis meldepliktig. Du må då fylle ut eit eige meldeskjema og sende det til Personvernombodet for forskning, ved Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD). Meldeplikta er lovpålagt gjennom personopplysningsloven, og framgangsmåten med å sende melding til NSD er bestemt av leiinga ved Høgskulen i Volda.

Når er prosjektet meldepliktig?

Dersom du behandlar følgjande opplysningar i ditt prosjekt, kan prosjektet vere meldepliktig til personvernombodet:

  • Personopplysningar er opplysningar som direkte eller indirekte kan identifisere ein person.
  • Direkte personidentifiserbare opplysningar er namn, personnummer eller andre personlege kjenneteikn.
  • Indirekte personidentifiserbare opplysningar er bakgrunnsopplysningar som kan gjere det muleg å spore opplysningane tilbake til ein einskidperson, til dømes bustadkommune eller institusjonstilknyting kombinert med opplysningar om alder, kjønn, yrke, nasjonalitet, diagnose, etc.

Prosjektet er meldepliktig sjølv om personopplysningane er erstatta med eit nummer, ei kode, fiktive namn eller liknande, som viser til ei separat liste med personopplysningar.

Mange forskarar nyttar lyd- eller videoopptak i datainnsamlinga for å få god dokumentasjon av utsegner og einskildsituasjonar, til dømes i intervju og observasjon. Å filme eller registrere tale ved hjelp av lydopptak vert per definisjon rekna som registrering av personopplysningar. Bruk av bilde- og/eller lydopptak av personar er meldepliktig dersom;

  • opptaket vert behandla eller lagra med elektroniske hjelpemiddel (på ein datamaskin som lyd- eller bildefil)
  • transkripsjonar inneheld personopplysningar og vert behandla elektronisk (på ein datamaskin)
  • transkripsjonar som inneheld sensitive personopplysningar og vert systematiserte i eit manuelt register

Sjølv om all rapportering frå prosjektet er anonym, kan prosjektet likevel vere meldepliktig dersom det under arbeidet med prosjektet blir behandla personopplysningar.

Høgskulen i Volda har som ein samfunnsvitskapleg orientert institusjon avtale med NSD som går ut på at også forskingsprosjekt som kan vere omfatta av helseforskningsloven først skal sendast til NSD for vurdering. Om NSD vurderer det slik at aktuelle prosjekt skal sendast til Regional komité for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK) så blir det gjort av NSD.

Prosjekt som fell inn under helseforskningsloven er forsking som har som føremål å framskaffe ny kunnskap om helse og sjukdom. 

Nyttige lenker

Nettsider til personvernombodet for forsking, blant anna med meldeskjema.

Personvernombod 

Personvernombodet ved Høgskulen i Volda er Cecilie Røeggen