Vil få mediefagleg utvikling på dagsordenen

Forsking og utvikling blir gjerne sagt i same andedrag, men kan ha ulike kår. No vil ei ny mediefagleg gruppe løfte gode initiativ til å drive meir utviklingsarbeid ved Høgskulen i Volda.

Steinar Høydal

Førstelektor Steinar Høydal ved Institutt for journalistikk på HVO har teke initiativ til høgskulen si første utviklingsgruppe, tenkt som eit supplement til forskingsgruppene ved HVO.

Tekst: Steinarr Sommerset, Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

– Forskings- og utviklingstid blir ofte knytt til det å skrive vitskaplege artiklar. Hamnar utviklingsarbeidet litt i skuggen av forskinga?

Førstelektor Steinar Høydal får i gang diskusjonen i eit rom fullt av kollegaer frå Avdeling for mediefag (AMF) ved Høgskulen i Volda (HVO). Han har teke initiativ til å skipe «FLYT» – høgskulen si aller første utviklingsgruppe, tenkt som eit supplement til forskingsgruppene ved HVO.

Kva er forskjellen? Kort forklart kan vi seie at forsking produserer allmenngyldig kunnskap, medan utviklingsarbeid forbetrar faglege praksisar. Saman utgjer dei tospannet FoU.

Studietilboda innan mediefag i Volda er landskjende for å ha mykje god og relevant praksis: alt frå innhaldsproduksjon for ski-VM til filmskaping for forskingsinstitusjonar. Men korleis kan slike enkeltsatsingar bli meir systematiserte utviklingsprosjekt?

Målet med FLYT er å tenkje nytt og tverrfagleg saman: å byggje ut innsatsen bak innovativ undervisning og kreative metodar. Ved å gjere meir som FoU-arbeid kan fagmiljøet hauste større gevinstar over tid – både styrkje kompetansen i kollegiet og skape endå betre moglegheiter for studentane.

Kollegaer ved Avdeling for mediefag.
Kollegaer ved Avdeling for mediefag samla seg for gode diskusjonar kring fagleg utviklingsarbeid.

Hjelper kvarandre å skape den beste medieutdanninga

– Vi er mange tilsette på mediefag med ein praktisk bakgrunn som kanskje ikkje gir den same tilhøyrsla til forskingsgrupper, der forskinga får mest merksemd. Vi kan setje mykje av arbeidet vi allereie gjer, inn i ein større samanheng om vi tenkjer utvikling. Då hjelper vi også kvarandre med å byggje kompetanse inn mot fagleg opprykk, seier Høydal.

Justeringar i retningslinjene for opprykk til førstelektor og dosent legg no tydelegare vekt på utviklingsarbeid enn forsking samanlikna med tidlegare, men stiller høge krav til nivået på utviklingsarbeidet.

– Det er sjølvsagt ikkje ei ulempe å ha skrive ein forskingsartikkel eller to, men systematisk utviklingsarbeid over tid er nøkkelen for opprykk til førstelektor eller dosent, slik vi i gruppa vurderer det, forklarer Høydal.

Og det er det systematiske utviklingsarbeidet FLYT skal vere ein katalysator for.

– Mediebransjen er heile tida i rivande utvikling, og vi må vere bevisste på å halde tritt og dokumentere det vi gjer. Gjennom meir utviklingsarbeid kan vi også hjelpe kvarandre med å skape den beste medieutdanninga i Noreg, understrekar Høydal.

FLYT. Utviklingsgruppe ved Avdeling for mediefag.
Fagprat og sveler er ein velprøvd kombinasjon ved Høgskulen i Volda.

Nøkkelen er meir dokumentasjon

Eit utviklingsarbeid kan ta mange former. På oppstartsmøtet for FLYT drøftar kollegaene både nye undervisningsopplegg, rettleiing av praksisen til studentane, bruk av kunstig intelligens, kunstnarlege arbeid, bokprosjekt og tettare samarbeid med frivilligheit og næringsliv. Samspelet med forskinga er også viktig – og korleis kan ein nytte fagfellevurdering godt i utviklingsprosjekt?

Diskusjonane rundt bordet tyder på at myke godt arbeid på mediefag kanskje berre treng meir dokumentasjon og refleksjon for å bli tydelegare utviklingsarbeid:

– Når ein legg mykje arbeid i eit opplegg, men så blir kanskje dokumentasjonen liggjande i ein skuff eller ikkje prioritert tid til, då blir det lett for seint, kommenterer éin av deltakarane.

Steinar Høydal.
– Gjennom meir utviklingsarbeid kan vi hjelpe kvarandre med å skape den beste medieutdanninga i Noreg, seier HVO-førstelektor Steinar Høydal.

– Sterkt behov for utviklingsgrupper

Høydal trur også at eit meir bevisst arbeid med fagleg utvikling vil kome Volda-studentane til gode.

– Studentane kan få bli med på prosjekt som kanskje er litt meir opne, der vi til dømes testar nye måtar å drive journalistikk eller medieproduksjon på. Det kan vere bransjenære utfordringar som gir studentane erfaringar dei ikkje kan få på campus, der vi både kan systematisk justere prosjektet frå år til år og skape eit høgt læringsutbyte.

Utviklingsinitiativ som FLYT trur Høydal at fleire fagmiljø kan dra nytte av – han nemner utstillinga «Bortkasta tid» frå tilsette ved Institutt for design, kunst og handverk i haust som eit aktuelt og talande døme.

– Eg trur utviklingsgrupper er noko høgskulen har eit sterkt behov for. Spesielt på praktiske utdanningar er det viktig at vi kan både oppdaterte verktøy og det handverket vi skal lære bort, og at vi bruker tid på å liggje i forkant av utviklinga der ute – og dette blir vi mykje flinkare til gjennom å samarbeide på tvers, avsluttar Høydal.

Del på: