Vil du ta ph.d.-emne i utdanning, språk og kultur?
Emna i opplæringsdelen av doktorgradsprogrammet «Utdanning, språk og kultur» er opne også for eksterne søkjarar. Innførings- og profilemnet med same namn som programmet har søknadsfrist 20. februar.

Mange gode krefter bidreg i HVOs nye ph.d.-program i utdanning, språk og kultur. Frå venstre: Professor Per Halse er programansvarleg, professor Marie Nedregotten Sørbø er emneansvarleg, og førsteamanuensis Stein Conradsen og professor Jonas Gamborg Lillebø er mellom dei som underviser i innføringsemnet.
Våren 2025 starta ph.d.-tilbodet Utdanning, språk og kultur ved Høgskulen i Volda (HVO) opp. Denne forskarutdanninga har vore omtalt som ein milepåle og strategisk avgjerande for høgskulen si framtid.
Det andre kullet med stipendiatar i det nye ph.d.-programmet er no i oppstartsfasen, og i mars og april blir det samlingsbasert undervisning i «Utdanning, språk og kultur (ph.d.-emne)».
Interesserer du deg for forskingsområdet utan å vere stipendiat i programmet, har du likevel moglegheit: Også andre kan nemleg søkje plass på dette innføringsemnet fram til 20. februar.
- Du kan søkje på emnet her.
- Vil du utforske faglitteraturen i emnet? Her kan du sjå pensumlista.
Mange kan vere aktuelle for dei tjue studieplassane
Dette tverrfaglege innføringsemnet byggjer på lange opplysingstradisjonar, lokal utdanningshistorie og forsking på skriftkultur og lese- og skrivekunne. Heile emneplanen kan du lese her: DRUSK901 Utdanning, språk og kultur.
Det er tjue tilgjengelege studieplassar på emnet, og opptakskriteria fordeler seg slik:
- 1. prioritet: kandidatar i ph.d.-programmet «Utdanning, språk og kultur»
- 2. prioritet: kandidatar i andre ph.d.-program
- 3. prioritet: andre tilsette ved Høgskulen i Volda
- 4. prioritet: andre eksterne (etter vurdering av emneansvarleg)
Tradisjonar møter kritiske perspektiv
Engelskprofessor Marie Nedregotten Sørbø er emneansvarleg og kan fortelje litt meir om innhaldet i emnet:
– Dette profilemnet blir ikkje litt om utdanning, litt om språk og litt om kultur. I staden skal det handle om det som bind oss saman som humanistiske forskingstradisjonar, og kva utfordringar vi møter.
Undervisninga er samlingsbasert, med to fysiske samlingar i Volda i veke 13 (23.–25. mars) og veke 18 (27.–29. april).
– Emnet arbeider særleg med grunnlagstenking for alle desse fagområda, og det har ei tverrfagleg tilnærming. Dessutan vil eit gjennomgåande tema i begge samlingane vere spenninga mellom kulturelt minne og kulturell makt, der tradisjonar møter kritiske perspektiv, utdjupar professoren.
Hentar undervisningskrefter frå mange fagmiljø
Dei som får plass på emnet, møter eit stort og spennande team av undervisarar med Nedregotten Sørbø i spissen.
– Eg har fått med meg eit breitt utval særs gode kollegaer. Til saman blir vi sju førelesarar frå dei fem faga engelsk, historie, norsk, pedagogikk og religion. Dette lovar godt for eit emne som er relevant for kandidatar og søkjarar frå mest alle fag ved HVO eller tilsvarande utdanning frå andre institusjonar.
Innføringsemnet er første steg i eit heilskapleg program, og seinare emne byggjer vidare på det som blir gjennomgått i dette emnet. Les meir om det andre emnet og det tredje emnet i programmet her.





