Samskaping på tvers av roller: nytt forskingsprosjekt i musikk
Kva skjer når dei tradisjonelle rollene som faglærar og student blir viska ut i samspelsgrupper? Institutt for musikk utforska nye perspektiv fram mot ein felles konsert – med lærerikt resultat.

I prosjektveka kunne studentane velje å spele både hovudinstrument og biinstrument». Frå venstre: Oscar Mag-Olsen (fløyte), Benjamin Bergset (gitar), Anna Storstein Forbord (vokal/bass) og Ole Christian F. Friele (tangentar). Foto: HVO / Tale Rørvik Lejon.
Tekst: Hildegunn Hovde, førstelektor ved Institutt for musikk.
I januar møttest studentar og faglærarar ved Institutt for musikk på Høgskulen i Volda (HVO) til ei annleis prosjektveke.
Gjennom kunstnarleg utviklingsarbeid utforska dei korleis musisering, samskaping og delt ansvar kan skape nye innsikter i både musikalsk og pedagogisk praksis.
Musikkstudentane som tek bachelor eller årsstudium ved HVO, har samspelsprosjekt cirka to gongar i semesteret. Her blir dei delte inn i grupper på tvers av kulla eller har større korprosjekt.
Prosjekta munnar ut i offentlege konsertar i konsertsalen ved Avdeling for kulturfag eller på andre konsertarenaer i regionen. Denne gongen fekk studentane bestemme sine eigne sampelsgrupper og vart deretter tildelte eit ekstra gruppemedlem: ein av faglærarane ved Institutt for musikk!
Faglæraren som artist, forskar og pedagog
Eit pågåande forsking- og utviklingsarbeid (FoU) ved Institutt for musikk er bakgrunnen for at faglærarane deltok i samspelsprosjektet denne gongen.
Med «a/r/tography» (Springgay et al., 2005) som metodologisk rammeverk ville faglærarane undersøkje korleis kunstnarleg samskaping med studentane kan utvikle nye former for musikalsk og pedagogisk praksis. Samstundes var faglærarane nyfikne på korleis samspelsprosjekta byggjer relasjonar mellom studentane og mellom student og lærar.
I «a/r/tography» flyt rollene som artist, researcher og teacher (kunstnar, forskar og lærar) i og over kvarandre før det munnar ut i eit skriftleg arbeid. I den første fasen av FoU-arbeidet skulle faglærarane primært tre inn i artist-rolla. Det innebar at dei skulle vere utøvande musikar saman med studentane og freiste å leggje vekk faglærarrolla.
Undervegs og i etterkant av samspelsprosjektet førte faglærarane logg, og desse loggane blir grunnlag for vidare forsking og utvikling ved instituttet.

Slik gjekk dei fram
I prosjektveka stod gruppene fritt til å velje besetning og sjanger og dessutan velje om dei ville improvisere, spele ein coverlåt eller skape ny musikk sjølve.
Fire av fem grupper valde å arbeide med coverlåtar, medan éi gruppe komponerte sitt eige materiale.
Gruppearbeidet starta med ei forventningsavklaring og avtalar om øvingsplanar og ansvarsfordeling utover veka, før gruppene gjekk i gang med tre heile dagar med øving.
Det heile vart avslutta på dag fire med ein lunsjkonsert i ei fullsett kantine på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda.
Meir enn berre musikk
Erfaringane frå veka viser at denne forma for samarbeid gav både studentar og tilsette nye perspektiv.
Faglærarane fekk auka innsikt i arbeidsmetodane og den sosiale dynamikken til studentane og dessutan korleis dei organiserer seg og løyser utfordringar utan lærarstyring. Faglærarane opplevde det som lærerikt å møte studentane med ein meir lyttande posisjon og erfarte at prosjektet styrkte dei relasjonelle banda mellom studentane og faglærarane.
Vidare skal dei undersøkje nærmare korleis prosjektet påverka dei som utøvar, faglærar og forskar, og sjå på kva kunnskap dei kan ta med seg i vidare prosjekt.
Tilbakemeldingane etter veka var særs positive, og både studentar og fagtilsette uttrykte ønske om å gjere eit liknande prosjekt igjen!






