Opna Hans Strøm-året med kake og kunnskap
Han var blant dei viktigaste for norsk vitskap på 1700-talet, og i Volda ber eit høgskulebygg namnet hans. I 2026 er det 300-årsjubileum for Hans Strøm, og feiringa i regionen opna med kakefest, kåseri og utstilling ved høgskulen.

– Det går ei intellektuell linje frå Hans Strøm til Sivert Aarflot og Ivar Aasen, poengterte Reidun Aambø. Ho heldt kåseri under avdukinga av Hans Strøm-utstillinga si i bygget som ber namnet hans ved Høgskulen i Volda. I 2026 er det 300 år sidan presten, naturforskaren og topografen Hans Strøm var fødd.
– For oss ved Høgskulen i Volda er ikkje Hans Strøm berre eit namn i historiebøkene. Han er ein del av identiteten vår. La oss bruke dette året til å la oss inspirere og vere nysgjerrige på kunnskap.
Slik opna rektor Odd Helge Mjellem Tonheim 300-årsjubileet for Hans Strøm ved Høgskulen i Volda (HVO).
Jubileumsåret byrja med eit lunsjseminar for fullsette stolrader i høgskulebiblioteket fredag 23. januar. To dagar seinare var det 300 år sidan presten, topografen, vitskapsmannen og folkeopplysaren Hans Strøm (1726–1797) var fødd i Borgund på Sunnmøre.
På sjølve 300-årsdagen inviterte Sunnmøre museum til bursdagsfeiring i Ålesund – no ventar fleire arrangement rundt om i regionen resten av jubileumsåret.


Internasjonal spydspiss – bana veg for bygda
Store norske leksikon omtaler Strøm som Noregs første eigentlege naturforskar og truleg den fremste norske intellektuelle på 1700-talet etter Ludvig Holberg.
Under jubileumsopninga fekk Volda-publikummet høyre HVO-dosent Marit Brekke kaste lys over livet og virket til Hans Strøm som vitskapsmann og folkeopplysar, før det var tid for kake og drøs – ei høveleg sunnmørsk feiring for jubilanten bak bygdeframstillingane i mønsterverket kjent som Søndmørs Beskrivelse.
– Gjennom det nøyaktige arbeidet sitt blei han ein intellektuell spydspiss og eit vitskapleg førebilete for generasjonar av forskarar både i Danmark og i Noreg og i Tyskland, fortalde Brekke i eit lærerikt foredrag om mannen som mellom mykje anna var prest i Volda i 15 år.
I eit tettpakka høgskulebibliotek forklarte Brekke korleis Hans Strøm bana veg for eit intellektuelt miljø i Volda.
– Han kan kallast ein uformell grunnleggjar av ein lærdomstradisjon i Volda. Både Sivert Aarflot og Ivar Aasen kan takke Hans Strøm fordi han såg mogelegheitene for evnerik ungdom på landsbygda.
Men kva kan vi i dag lære av ein opplysningsmann frå 1700-talet? Brekke drog linjene og poengterte at kunnskap er viktigare enn nokon gong:
– Kunnskap er ein føresetnad for å orientere seg i ei kaotisk verd, for å gjere seg opp eigne meiningar og for evna til å nyansere og setje i perspektiv. Vitskapsmannen Hans Strøm er for meg og mange andre eit ideal, fordi han løfta ikkje berre sitt eige kunnskapsnivå gjennom utrøytteleg forsking gjennom eit langt liv, men også fordi han løfta andre sitt kunnskapsnivå – noko som er det fremste formålet til forskinga.


Skildringa – Granskinga – Folkelivet
Mang ein Volda-student har nok hatt forelesing i Hans Strøm-huset, som stod ferdig oppført i 1984 og oppussa i 2024, utan å vite kven denne Strøm eigentleg er. 300-årsjubileet var eit flott høve til å gjere noko med det, og tysdag 27. januar blei det avduking av ei utstilling om Hans Strøm i «huset hans Strøm».
Plakaten er utforma av Reidun Aambø, pensjonert undervisar og forskar ved HVO, som i haust fekk Kongens fortenestemedalje. Dette er den fjerde utstillinga hennar om menneska bak namna som prydar campus i Volda.
Dekan Randi Bergem ved Avdeling for samfunnsfag og historie innleia ved å fortelje korleis dei nye romma i Hans Strøm-huset fekk namn etter Hans Strøm sitt virke, etter ein idé frå kollega Kari Hasle: Skildringa. Granskinga. Opplysninga. Detaljane. Tilskodaren. Selskapet. Folkelivet.
At Volda blei studiebygd, hadde nok Strøm applaudert: Han agiterte for norske utdanningsinstitusjonar og eit norsk universitet – det første kom i Oslo 34 år etter hans tid.


– Ein tilnærma moderne vitskapsmann
Etter avdukinga skjenkte Reidun Aambø dei mange frammøtte eit interessant kåseri om jubilanten. Her teikna ho eit nyansert bilete av ein opplysningsprega prest og naturgranskar som kombinerte pietisme med rasjonalisme. Han observerte, illustrerte, argumenterte, medisinerte, analyserte …
– Hans Strøm hadde allsidige interesser og skreiv og gjorde ufatteleg mykje ved sida av prestegjerninga, understreka Aambø om folkeopplysaren Strøm.
Sjølv om det kom liknande skrifter frå andre, la Aambø vekt på at det var metodane til Strøm som gjorde bøkene hans til ein modell for andre folkelivsskildrarar.
– Strøm var ein tilnærma moderne vitskapsmann. Han var systematisk, kritisk og analytisk, med nøktern empiri og lite moralisering. Han reiste mykje rundt i soknet. Han baserte dei topografiske og naturvitskaplege skriftene sine mykje på eigne observasjonar og erfaringar.
Med moderne auge er det ein kontrastfylt mann Aambø skildrar, i spennet mellom opplysning og konservatisme, inspirert av Pontoppidan d.y., von Linné og Gunnerus. For Strøm var naturgranskinga også religionsdyrking.
Strøm hadde truleg det første mikroskopet i Noreg og gav endåtil namn til ein glassnigel i 1765 – men han var også underdanig kongen i København og meinte bønder ikkje skulle gjere klassereise.
Gjennom ei samanlikning med Sivert Aarflot, «husnaboen» til Strøm på høgskulen, som var inspirert av Strøm, men heia fram bonden, illustrerte Aambø korleis kvar generasjon har sin ståstad, bygd på arven frå den førre.
– Takk til Hans Strøm, som var prest, naturforskar og topograf i Volda i 15 år og stimulerte den intellektuell verdiskapinga, avslutta Aambø – som til alt overmål bur i Hans Strøm-vegen i Volda.
Heretter er det ei lærerik utsmykking som ønskjer studentar, tilsette og gjester velkomen til Hans Strøm-huset. Ta ein tur innom, så blir du betre kjend med ein høgst aktuell 300-åring.
300-årsjubileet for Hans Strøm blir markert i samarbeid mellom fleire kunnskaps- og kulturinstitusjonar: Høgskulen i Volda, Nynorsk kultursentrum (ved Aasentunet), Stiftinga Viti (Sivert Aarflot-museet og Sunnmøre museum), Runde Miljøsenter og Romsdalsmuseet.
Jubileet er støtta av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Bli med og feir Hans Strøm i 2026: Følg programmet for jubileumsåret vidare her!





