Ny dosent: – Samfunnsplanlegging angår oss alle
Gro Anita Bårdseth gjekk frå å forske på kulturmiljø til å fordjupe seg i planlegging. – Eg oppdaga at samfunnsplanlegging var relevant, viktig og rett og slett meiningsfullt å jobbe med, fortel den nye dosenten ved Høgskulen i Volda.

Gro Anita Bårdseth har gått frå å forske på fortida til å forske på samtida. No har ho blitt dosent i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda (HVO). Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
– Eg har ein litt uvanleg veg inn i samfunnsplanlegging, begynner Gro Anita Bårdseth.
I 1998 tok ho mastergrad i nordisk arkeologi. Vel tjue år seinare hadde ho gradvis jobba seg over i eit anna fagfelt og tok sin andre grad: master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda (HVO).
Sidan har Bårdseth vore ein viktig del av fagmiljøet ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) på HVO. No er ein milepåle nådd: Ho har fått opprykk til toppkompetanse som dosent (tilsvarande professor) i samfunnsplanlegging.
Forska og deltok i utgraving frå romartida
Forteljinga om Bårdseth sender oss først attende til fortida.
Ho arbeidde opphavleg med kulturmiljøforvaltning og -forsking i mange år. Ho leia fleire store utgravingsprosjekt ved Arkeologisk museum i Stavanger og Kulturhistorisk museum i Oslo, og ho jobba som fylkesarkeolog i Østfold fylkeskommune.
I ei tid med mykje offentleg utbygging blei det nok å gjere for arkeologar.
– Eg var mellom anna med på å undersøkje graver, buplassar og helleristingar, men mesteparten av tida mi gjekk med til å forske på dette omfattande datamaterialet. Eitt høgdepunkt var då vi grov fram restane etter ein enorm hallbygning frå romartida i Råde i Østfold. Bygninga var over 60 meter lang og mellom dei største vi kjenner i Skandinavia frå dette tidsrommet, fortel Bårdseth.
Som fylkesarkeolog fekk ho ansvaret for kulturminne i kommunal og regional planlegging, noko som gav henne god kjennskap til lovverk og forvaltning.
– Her kom eg første gongen borti samfunnsplanlegging som fagområde. Tida i fylkeskommunen var lærerik og nyttig for meg, og dette la grunnlaget for at eg fekk jobb i Ørsta kommune som samfunnsplanleggjar då eg og familien flytta heim til Sunnmøre i 2009, seier strandaren.

– Rett og slett meiningsfullt
I Ørsta fekk ho først ansvar for samfunnsdelen av kommuneplanen og seinare ansvar for mange andre plan- og utviklingsprosjekt. Ho har også jobba mykje med kommunale folkehelseoversikter og det å involvere barn og unge i utviklinga av lokalsamfunnet.
– Eg oppdaga fort at samfunnsplanlegging var både relevant og viktig – og rett og slett meiningsfullt å jobbe med. Etter kvart tok eg derfor vidareutdanning i samfunnsplanlegging ved HVO, seier Bårdseth.
Mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing blei ein god match. Ho fortel at det var spennande å kombinere teori frå studia med praksis i kommunen.
– Eg har ofte sagt at eg brukte arbeidsplassen som eit slags laboratorium, smiler ho.
Masteroppgåva hennar handla om kommunale kulturminneplanar.
– Dette var ein kombinasjon av mine to fagfelt: kulturmiljø og planlegging. Gjennom dei åtte åra eg var i kommunen, fekk eg god erfaring med samfunnsplanlegging på lokalt nivå.
Kommunejobben gav henne kontakt med fagmiljøet ved IPAS på høgskulen, og slik fekk ho etter kvart oppgåver og vikariat i Volda. I 2021 blei det til fast stilling som førstelektor i samfunnsplanlegging ved HVO.
– Då begynte eg for alvor å tenkje vidare mot toppkompetanse. Det var givande å skulle systematisere kompetansen min frå kulturmiljøfeltet og samfunnsplanlegging – mange brikker fall på plass, og eg såg at det faktisk var ein raud tråd gjennom utdanningane mine og yrkespraksisen min.
Når forteljinga vår er tilbake i notid, er det tydeleg at Bårdseths breie praktiske erfaring har gjort henne til ein verdifull undervisar og forskar ved HVO: Søknaden hennar om opprykk til dosent viste seg å gå gjennom med glans.

Ei skikkeleg inspirerande anerkjenning
– Først og fremst blei eg kjempeglad og letta då eg fekk vurderinga frå kommisjonen. Det er jo litt skummelt å sende inn ein slik søknad. Då vurderinga endeleg kom, kjende eg ei stor lette og glede over at det ikkje blei tommel ned, fortel ein strålande nøgd dosent.
Etter at opprykket blei offentleg, har det ikkje skorta på godord og blomar.
– Då kjende eg på gleda av å vere ein del av eit inkluderande og varmt arbeidsmiljø der folk er glade på mine vegner.
Kva betyr det for deg å bli dosent?
– For meg som fagperson betyr det utruleg mykje, spesielt når det gjeld fagleg sjølvtillit. Kommisjonen hadde gjort ein grundig jobb, og det var mange fine ord i vurderinga, noko eg verkeleg set pris på. Å få ei så god grunngiving frå anerkjende fagfolk gir ein skikkeleg boost og inspirasjon!
Bårdseth legg ikkje skjul på at det gjer godt å bli sett og verdsett som fagperson.
– Og så er det jo viktig for instituttet også. At IPAS har toppkompetanse innan samfunnsplanlegging, betyr mykje.

Krevjande fagfelt, men angår oss alle
Manglar du studiepoeng i samfunnsfag, kan dette med planlegging vere uhandgripeleg. For kva går eigentleg samfunnsplanlegging ut på? Heldigvis kan Bårdseth fjernundervise oss litt:
– Samfunnsplanlegging er eit tverrfagleg fagområde som spenner over forsking, praksis og utdanning. Som forskingsfelt handlar det om å utvikle kunnskap og teoriar om korleis vi planlegg samfunn i vid forstand. I praksisfeltet handlar det om ei heilskapleg tilnærming til samfunnsutvikling der fysiske, sosiale og kulturelle dimensjonar blir sett i samanheng.
Planlegging krev samarbeid mellom offentlege aktørar, marknaden og sivilsamfunnet, fortel ho:
– Det betyr at ein må kunne forstå og navigere i mange ulike system og regelverk – og ikkje minst samarbeide på tvers av sektorar.
For den ferske dosenten er det nettopp miksen som gjer fagfeltet både spennande og krevjande.
– Det er breitt, og det angår alle på ein eller annan måte, både innbyggjarar, næringsliv, offentleg tilsette, fagmiljø, politikarar, sektorinteresser … Dette gjer at samfunnsplanlegging alltid er aktuelt og viktig, understrekar ho.
Bårdseth brenn for at fleire skal oppdage relevansen til fagfeltet hennar.
– Eg meiner at vi som jobbar med samfunnsplanlegging, både som praktikarar og forskarar, har eit ansvar for å formidle og omsetje innhaldet i planlegginga. Vi har også eit ansvar for å synleggjere at planlegginga faktisk formar både lokalsamfunna våre og kvardagen til folk.
- Høyrest dette interessant ut? Studer samfunn, planlegging og leiing i Volda!

Gler seg til å forske meir på dagens samfunn
Når Bårdseth vender blikket framover, har ho mykje ho ønskjer å få gjort ved Høgskulen i Volda.
– Saman med gode kollegaer på IPAS er eg involvert i fleire prosjekt som eg gler meg til å følgje opp. Mellom anna skal vi jobbe med kompetanseheving i systematisk folkehelsearbeid blant kommunalt tilsette.
Spennande blir det også å sjå om ein ny prosjektsøknad til Forskingsrådet kjem seg gjennom nålauget og får støtte.
– Vi er i startgropa, men kort fortalt vil vi undersøkje korleis planleggjarar og politikarar samhandlar i arealplanlegging, og kva digitalisering har å seie for måten dei samhandlar på. Dette gler eg meg også til å dykke ned i, smiler ho.
Som dosent ønskjer Bårdseth å framleis vere tett på Volda-studentane som skal ut i yrkesfeltet ho sjølv fann vegen til. I tillegg til å forske er ho nemleg programansvarleg for både bachelor i planlegging, administrasjon og leiing og årsstudiet i samfunnskunnskap, og ho underviser både på bachelornivå og på master i samfunnsplanlegging og leiing.
Med forskarblikket skimtar ho også eit nytt tema i horisonten:
– På sikt håper eg å kunne forske meir på koplinga mellom kulturarv og samfunnsplanlegging. Dette er eit fagfelt eg er veldig nyfiken på, avsluttar Gro Anita Bårdseth, ny dosent i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda.





