Frå yoga til etterretning: viste fram ph.d.-breidda i Volda
Det manglar ikkje på mangfald i ph.d.-programmet «Utdanning, språk og kultur» ved Høgskulen i Volda. Torsdag fekk publikum smakebitar frå den nye forskarutdanninga.

Ph.d.-stipendiat Marianne Hustvedt (t.h.) fortel om doktorgradsprosjektet sitt til ein lyttande HVO-professor Helga S. Løvoll. I bakgrunnen ser vi ph.d.-kandidat Fredric Holen Bjørdal.
Å formidle forskinga si er ein viktig del av det å vere forskar. Derfor fekk ti ph.d.-studentar bryne seg på poster-presentasjonar i ekte konferansestil førre veke.
Dei som var i elden, tek det nye ph.d.-kurset Forskingsmetodar, som mellom anna inngår i det tverrfaglege doktorgradsprogrammet «Utdanning, språk og kultur» ved Høgskulen i Volda (HVO).
I høgskulebiblioteket på torsdag fekk publikum høyre om ti doktorgradsprosjekt i emning, og spennvidda er imponerande: alt frå yoga i skulen og Stortingets kontroll med Etterretningstenesta til kritisk tenking på ungdomstrinnet og tidleg-moderne bryllaupsdikt.



Realistisk simulering av forskarlivet
– Det er veldig stor breidde her, og det er både ein styrke og ei utfordring i doktorgradsprogrammet vårt at det finst så mange ulike perspektiv, seier professor Siv M. Gamlem, som er emneansvarleg for det nye ph.d.-kurset.
– Men kandidatane fortel at dei lærer mykje av kvarandre ved å få innsikt dei ulike prosjekta, og ikkje minst i dei forskingsmetodiske tilnærmingane vi jobbar med no, legg ho til.
På dei akademiske posterane kunne ein mellom anna lese om målet og metodane bak kvart prosjekt. Etter presentasjonane stod forskarstudentane klare for å svare på spørsmål og diskutere med eit vitelystent publikum av kollegaer og andre frammøtte.
Gamlem syntest dei relativt ferske forskarane handterte utfordringa veldig godt.
– Dette er også nyttig trening på ein ganske autentisk situasjon med det å vere på konferanse og presentere forskinga si for eit publikum, smiler ho.


Ein samanfletta gjeng som løftar kvarandre
Ei av dei som var i elden, var ph.d.-stipendiat Marianne Hustvedt. Ho syntest det var ei nyttig erfaring å formidle doktorgradsprosjektet sitt til publikum.
– Eg var jo sjølvsagt nervøs, men det var også veldig kjekt å få gjere dette. Det er alltid vrient å prøve å presentere prosjektet sitt for andre og bli tvinga til å tenkje rundt det på nye måtar.
Hustvedt er del av det første kullet med stipendiatar på det som er HVOs andre doktorgradsprogram. I doktoravhandlinga si forskar ho på dialog og kritisk tenking i undervisninga på ungdomstrinnet.
– Eg har alltid vore veldig oppteken av både dialog i undervisning, danningstematikk og kritisk tenking. Og så var eg heldig med å møte Siv Gamlem, som inspirerte meg til å gå vidare med dette, fortel ho.
Som stipendiat set Hustvedt pris på å vere del av ei gruppe nye forskarar ved HVO som forskar innan eit breitt spekter av tema.
– Det er så kjekt! Etter kvart blir vi ein samanfletta gjeng som samarbeider og støttar kvarandre. Det er eit veldig godt miljø mellom stipendiatane som har kontor her på campus, og det er også viktig med dei som kjem utanfrå og bidreg med andre impulsar.


Frydar seg over å vere i gang
Forskarkull nummer to på «Utdanning, språk og kultur»-programmet byrja etter nyttår. Mellom dei som nett er i gang med doktorgradsprosjekta sine, finn vi stipendiat Marie Glasø Glein, som skal forske på yoga i skulen.
– Det var gøy å både få presentert her og høyre om dei andre sine prosjekt. For meg kjennest dette litt som startskotet – no er eg i gang.
Glein har tidlegare sett på yoga i barnehagen og ønskte å byggje vidare på dette som ph.d.-prosjekt. Derfor fatta ho interesse for det nye doktorgradsprogrammet «Utdanning, språk og kultur» i Volda.
– Sidan det er eit så pass tverrfagleg program, og mitt prosjekt ligg i skjeringsfeltet mellom religionsvitskap og utdanningsvitskap, syntest eg at det passa veldig godt. Eg har også ein ganske tverrfagleg utdanningsbakgrunn: Det er liksom den måten eg forstår verda på, det å sjå linjene. Dette synest eg vi får moglegheita til i doktorgradsprogrammet her, og det er svært spennande.
Den ferske stipendiaten er samd med «ph.d.-andreklassingen» Hustvedt om at det er nyttig å vere del av det mangfaldige stipendiatmiljøet i Volda. No gler ho seg til tre år med fullt fokus på forsking:
– Eg synest det er fantastisk allereie. Etter å ha jobba ved ein annan høgskule i nokre år er det ein luksus å kunne vie så mykje tid til å forsking i staden for å måtte finne plass til det oppå alt det andre.
Desse presenterte posterar
- Ph.d.-kandidat Fredric Holen Bjørdal: Mellom innsyn og hemmeleghald: Stortingets kontroll med Etterretningstenesta.
- Stipendiat Marie Glasø Glein: Yoga in Schools.
- Stipendiat Brage Egil Herlofsen: The Early-Modern Lovers: Norsk bryllupsdiktning 1586–1758.
- Stipendiat Marianne Hustvedt: The scaffolding of educational dialogue and critical thinking to enhance learning in secondary school.
- Ph.d.-kandidat Kirsten Hyldahl: Læreruddanneres feedback literacy i læreruddannelsen.
- Stipendiat Lina Rebekka Kobberstad: Feedback Literacy in Lower-Secondary School.
- Stipendiat Sondre Johan Chesney Kvamme: Du-forteljingar og pårørandeperspektiv.
- Stipendiat Christian Hansen Malmo: From Abolition Towards Colonisation: Eurafricans in Danish Fort Communities on the Gold Coast in the 19th century.
- Ph.d.-kursdeltakar Raquel Barba Martínez: New Voices Behind the News: Examining the Use of Perception of Multicultural Journalists’ Cultural Competences in Norwegian Newsrooms.
- Høgskulelektor og ph.d.-kandidat Anders Aanes: Topiske relasjonar i målrørsla og standardspråkideologien.
- Her kan du sjå alle doktorgradsprosjekta ved HVO.






