Trykkjestøtte

Tilskot til trykkjestøtte vert gitt til publisering i eksterne publiseringskanalar.

Vitskaplege monografiar og antologiar utgitt på godkjente vitskaplege forlag vert prioriterte, men også andre typar utgjevingar kan få støtte.

Søknader om tilskot til trykkjestøtte vert handsama av Publiseringsutvalet ved HVO. Publiseringsutvalet har ikkje faste møte, men når det kjem inn søknader om trykkjestøtte, prøvar ein å få til møte slik at søknaden kan bli raskt handsama.

Søknad sendast Publiseringsutvalet v/ forskingsrådgivar Geir Tangen på e-post: geir.tangen@hivolda.no. Dokumentasjon/kalkyle over trykkjekostnader og evt. avtale med forlag må leggjast ved.

Midlane vert delt ut av Publiseringsutvalet. Søknadsfrist: Løpande.