Såkornmidlar
Høgskulen i Volda har delt ut såkornmidlar sidan 2016. Målet med såkornmidlane er auka forskingsaktivitet ved å gi støtte til å sette i gang forskings- og utviklingsprosjekt. Støtta skal fortrinnsvis nyttast til å utarbeide konkrete prosjektsøknadar retta mot regionale, nasjonale og internasjonale finansieringskjelder. Ein kan også søkje støtte til å starte og/eller delta i nasjonale og internasjonale forskingsgrupper og -nettverk, som førebuing til å søkje om finansiering av forskingsprosjekt. Det er høve til å søkje om støtte til å forbetre tidlegare innsendte søknadar om ekstern finansiering. Sjå utfyllande informasjon om ordninga her.
Søknadar om støtte til å utarbeide søknadar til Norges forskingsråd, Regionale forskingsfond eller Horisont Europa vert prioriterte.
Midlane for 2023 er tildelt. Søknadsfrist var 10. november 2022. Midlane må nyttast i løpet av 2023. Grunna nytt reglement for avsetningar er det ikkje høve til å overføre midlar frå eit år til det neste.
Tilsette som fekk tildelt Såkornmidlar for 2023:
Marit Ulvund, AKF
Siv Måseidvåg Gamlem, AHL
Knut-Willy Sæther, AHL
Jade Jørgen Michael Sandstedt, AHL
Andreas Brandsæter, AHL
Jan Håkon Vikane, AHL
Øyvind Arne Høydal, AHL
Rolf Werenskjold, AMF