Søk på FoU-stipend

FoU-stipend ("vikarstipend") vert lyst ut kvart år. 

Du søkjer om stipend ved å følgje lenkja nedanfor. Den går til eit Google-skjema og du søkjer ved å fylle ut skjemaet.

Husk å klikke på «Send» på siste sida i søknadsskjemaet. Det er fornuftig å gjere klar tekstdelen i søknaden (prosjektskissa) i word før du fyller ut skjemaet.

NB! Send samstundes ein eigen e-post til dekan med melding om at du har sendt søknad om FoU-stipend.

Søknaden din går først til avdelinga, som lagar ei prioritert innstilling til Forskingsutvalet. Forskingsutvalet tildeler FoU‐stipend etter fullmakt frå styret.

FoU-stipend går til fagleg tilsette som har minst 50 prosent fast stilling. Stipend skal dekkje frikjøp frå undervisning i eitt semester.

Om du får problem med å fylle ut skjemaet tar du kontakt med Forskingsadministrasjonen.

 

Søknadsskjema

Lenke til søknadsskjema.