Hans Strøm 300 år

Hans Strøm. Koparstikk.
Hans Strøm. Koparstikk av Johann Christoph Seehusen (1791), etter eit måleri av Peder Pedersen Aadnes. Oslo Museum, Digitalt Museum. PDM 1.0.

I 2026 er det 300 år sidan naturforskaren, folkeopplysaren og teologen Hans Strøm var fødd. Jubileet blir markert med fleire arrangement rundt om i regionen, i samarbeid mellom fleire kunnskaps- og kulturinstitusjonar.

Hans Strøm (1726–1797) var mellom dei mest betydningsfulle naturforskarane og opplysningsmennene i Noreg på 1700-talet. Han var ein pioner innan botanikk, zoologi og topografi, og arbeida hans har hatt innverknad på vitskapen og samfunnet.

Strøm var prest i Volda, og han kombinerte det religiøse kallet sitt med vitskaplege studiar. Som opplysningsmann bidrog han til å spreie vitskapleg kunnskap og kritisk tenking. Han er også namnefaren til Hans Strøm-huset ved Høgskulen i Volda (HVO).

300-årsjubileet for fødselen til Hans Strøm blir arrangert i samarbeid mellom fleire kultur- og kunnskapsinstitusjonar i regionen: HVO, Nynorsk kultursentrum (ved Aasentunet), Stiftinga Viti (Sivert Aarflot-museet og Sunnmøre museum), Runde Miljøsenter og Romsdalsmuseet.

Hans Strøm-jubileum. HVO-styringsgruppe.
Frå styringsgruppa for jubileet ved Høgskulen i Volda (f.v.): prorektor Eirik Søvik, førstelektor Marit Brekke og professor Per Halse. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Arrangement i regionen gjennom jubileumsåret

Med markeringa av 300-årsjubileet for Hans Strøm vil vi løfte fram opplysingstida og dei lange tradisjonane for kunnskapsutvikling i regionen og dessutan inspirere nye generasjonar i ei tid der kunnskapsbasert informasjon er under press.

Gjennom ulike arrangement i jubileumsåret 2026 vil vi heidre og formidle arven etter Hans Strøm. Med foredrag, utstillingar og eigne undervisningsopplegg for skular ønskjer vi å auke kunnskapen om bidraga til Hans Strøm innan dei ulike fagfelta der han sette spor etter seg.

Programoversikt (blir oppdatert):

  • Søndag 25. januar frå kl. 12.30 arrangerer Sunnmøre museum bursdagsfeiring for Hans Strøm med kransepålegging og familiefest.
  • Tysdag 27. januar kl. 11.30 inviterer Høgskulen i Volda til avduking av ein plakat om Hans Strøm utforma av Reidun Aambø, som vil halde eit kåseri om Strøm under avdukinga.
  • Søndag 8. mars kl. 15 inviterer Runde Miljøsenter til eit arrangement med temaet «Hans Strøm og havet». Her kan du lære om Strøm sitt arbeid innan til dømes marinbiologi og fiskeri.
  • Søndag 10. mai inviterer Aasentunet til blomepressing i tunet og opning av ny temautstilling.

I tillegg blir det mellom anna arrangement i Aasentunet i samband med Festspela, forskingsseminar om Hans Strøm under dei årvisse Forskingsdagane ved HVO i september 2026 og Hans Strøm-utstilling i regi av Stiftinga Viti til hausten.

Meir informasjon og ei fullstendig oversikt over jubileumsarrangementa kjem på denne sida etter kvart.

Vi ønskjer alle velkomne til å markere Hans Strøm-jubileet saman med oss i 2026!

300-årsjubileet for Hans Strøm er støtta av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre med 200 000 kroner (også omtalt i mai 2025).