Litteratur og musikk

Mange har ei intuitiv kjensle av at det finst eit slektskap mellom musikk og litteratur. Men kva er musikk? Og kva er litteratur? I løpet av dei siste 20 åra har det vakse fram eit nytt forskingsfelt basert på ei erkjenning av at den beste måten å svare på dei to spørsmåla på er å sjå dei i samanheng.

I formidlinga vår av korleis vi opplever, forstår og vurderer litteratur, tyr vi gjerne til musikalske analogiar og metaforar. Vi snakkar om komposisjon, rytme, klang, repetisjon, tema (med variasjonar), leiemotiv, polyfoni, kontrapunkt osv. også når vi analyserer litteratur. Det er slike spørsmål og samanhengar som var bakgrunnen for at det i 1997 vart etablert eit internasjonalt forskarforum for slike problemstillingar: International Association for Word and Music Studies (WMA). Forskargruppa for litteratur og musikk ved Høgskulen i Volda arbeider innanfor dette tverrfaglege feltet. Gjennom fleire planlagde samlingar og publikasjonar har gruppa som mål å etablere eit nettverk med både lokale, nasjonale og internasjonale forgreiningar der litteraturforskarar, musikarar og andre utøvande kunstnarar møtest.

Leiar:

Førsteamanuensis Anemari Neple, Høgskulen i Volda

Medlemmer:

Anemari Neple (AU-medlem)
Geir Hjorthol (AU-medlem)
Magnar Åm (AU-medlem)
Jorunn Hetland
Timothy Andrew Saunders
Svenn-Arve Myklebost
Jan Inge Sørbø

Arbeidsutval:

Forskargruppa har eit arbeidsutval som består av Anemari Neple (førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda), Geir Hjorthol (professor ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda) og Magnar Åm (professor ved Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda). Utvalet har ansvar for å legge fram forslag til strategiar, skiping av seminar og konferansar.