Læringsprosessar og vurderingshandlingar

Formål

Forskargruppa arbeider med forsking inn mot tema læring og vurdering i utdanningsforsking. Forskingsstudiar tek utgangspunkt i ulike tilnærmingar for å studere læring og vurdering i grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanning. Forskingsstudiar vert gjennomførte gjennom eit samarbeid mellom fagtilsette på dei ulike avdelingane innanfor HVO, i tillegg til at vi samarbeider med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Eit viktig føremål med denne tverrfaglege forskargruppa er å styrke kunnskap om læringsprosessar og vurderingshandlingar i ulike utdanningskontekstar og fag.

Medlemer

Professor Siv M. Gamlem, Institutt for pedagogikk (AHL) (leiar)

Høgskulelektor Lina R. Kobberstad, institutt for pedagogikk 
Førsteamanuensis  Synnøve H. Moltudal, institutt for pedagogikk  
Høgskulelektor Hilde Gry Leer-Salvesen, institutt for pedagogikk  
Høgskulelærar Marianne Hustvedt, Institutt for religion og livssyn 
Professor Wenke Mork Rogne, Institutt for språk og litteratur 
Førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand, Institutt for språk og litteratur
Førstelektor Marit Brekke, Institutt for språk og litteratur
Førsteamanuensis  Elaheh Tavakoli, institutt for språk og litteratur 
Stipendiat Tara Sapkota, institutt for pedagogikk  
Stipendiat Ine Skorbakk, Institutt for realfag 
Stipendiat/høgskulelektor Joakim Erik Gustav Olsson, Institutt for digital kompetanse

 

 

Aktivitetar

Forskingsgruppa har møtepunkt kvar månad. I tillegg har ulike sub-grupper som gjennomfører forskingsprosjekt møtepunkt basert på oppgåver. Medlemmer i forskingsgruppa er aktive med både forsking og utviklingsarbeid og deltek i skuleutviklingsprosjekt. I tillegg vert det gjennomført både teoretiske og empiriske studiar. Fleire forskingsartiklar har vorte publisert av medlemmer i gruppa i løpet av dei siste åra, i tillegg har fleire medlemmer artiklar i fagfelleprosess. Forskingsgruppa er også årleg med på ein internasjonal workshop; «Systematisk observasjon i utdanningsforsking». Denne vert arrangert saman med ei rekkje andre forskarar i Europa. Hausten 2022 arrangerte medlemmer av gruppa den årlege samlinga der forskarar frå åtte land deltok. Samlinga vart digital, og gjesteforelesarar var frå USA og Finland.

Prosjekt

Forskargruppa gjennomfører studiar om vurdering, tilbakemeldingar og læringsprosessar i grunnskule, vidaregåande skule og lærarutdanning. Både kvalitative, kvantitative og mixed methods studiar vert anvendt i våre forskingsprosjekt. Metodar som vert brukt er til dømes: spørjeskjema, intervju og observasjonar. Medlemmer av forskargruppa arbeider for tida med ulike forskings- og utviklingsprosjekt:

"Kunstig intelligens for vurdering for læring" (AI4AfL). Dette er et nystarta prosjekt med tildeling av støtte frå Norges forskningsråd. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen i Østfold, Høgskolen i Volda, Halden kommune og Hypatia Learning AS. I dette prosjektet studerer vi vurdering for læring med bruk av kunstig intelligens som utgangspunkt for å styrke læring og undervisning i ungdomsskulen.

"Tilbakemelding for læring i barneskulen". Dette er eit delprosjekt henta frå DigiHand; eit forskingsprosjekt som fekk støtte frå Norges forskningsråd (2018-2022).

"Erfaringar med vurdering og tilbakemelding i høgare utdanning". Dette er eit nystarta forskingsprosjekt med mål om å få meir kunnskap om lærarstudentar og lærarutdannarar sine oppfatningar og erfaringar med vurdering i grunnskulelærarutdanninga.

"Tilpassa tilbakemelding for aktiv læring" (Adapted Feedback for Active Student Learning). Dette er eit nystarta forskingsprosjekt som vert utført i samarbeid med UiO og Universitetet i Melbourne, der eit mål er å få meir kunnskap om tilbakemelding for læring.

"Kreativitet og vurdering for trivsel i skulen - lærarstudentar sine oppfatningar og erfaringar". Denne studien undersøker eit utval grunnskulelærarstudentar sine oppfatningar og erfaringar om korleis kreativitet og vurdering for trivsel kan fremje læring i skulen.

Tidligare har vi mellom anna hatt studiar om:

"Digital læring og vurdering i vidaregåande skule". I dette prosjektet studerte vi elevar og lærarar sine erfaringar med læring og vurdering i ein digital kontekst.

"Responsiv pedagogikk". I dette prosjektet studerte vi korleis tilbakemeldingsinteraksjonar kan styrke elevane sine meistringsforventningar, sjølvregulerte læring, og tilbakemeldingskompetanse
 

 

Learning and Assessment

The research group conduct studies on the topics of learning and assessment in education. Research studies have been conducted through a collaboration between various departments at Volda University College, in addition to collaboration with national and international researchers. An important purpose of this interdisciplinary research group is to strengthen knowledge about learning processes and assessment actions in educational research at all levels.

Activities

The group meets every month, in addition to more frequent meetings for the specific research projects. Members of the group are active in both research and development work regarding education and school development projects. Several research articles are published by members of the group, in addition to holding presentations at conferences, and submitting articles for peer review process. The research group also participates annually in an international workshop; "Systematic observation in educational research". This workshop is arranged as a meeting point for researchers using Classroom Assessment Scoring System (CLASS) in the Nordic countries and in Europe. In the autumn of 2022, members of our research group arranged the annual gathering. The seminar was arranged as a webinar [due to Covid], with keynote speakers from the USA and Finland.

Project

The research group conducts studies on assessment, feedback, and learning processes in primary school, secondary school, and teacher education. A variety of methods are used in our studies with qualitative, quantitative, and mixed methods approaches. Members of the research group is currently working on various research and development projects, for example:

"Artificial Intelligence for Assessment for Learning" (AI4AfL). This is a project with a grant from the Research Council of Norway (2022-2015). It is a collaborative project between Østfold University College, Volda University College, Halden Municipality and Hypatia Learning AS. In this project, we study artificial intelligence for assessment for learning as a starting point for strengthening learning and teaching in lower secondary school.

“Feedback for learning in beginner education”. This is a sub research project derived from DigiHand, a research project which received funding from the Research Council of Norway (2018-2022).

“Assessment experiences in Higher Education”. This is a newly started research project with an aim to get more knowledge of assessment in Teacher Education, in addition to student teachers’ and teacher educators’ perceptions and experiences of assessment.

“Adapted Feedback for Active Student Learning”. This is a newly started research project in collaboration with researchers from University of Oslo and University of Melbourne. An aim is to get more knowledge of feedback that enhances student learning.

“Assessments and creative wellbeing in school: Teacher students’ perceptions”. This study examines a selection of primary school teacher students’ perceptions and experiences of how creativity and assessment for well-being can promote learning in school. 

Some former research projects:

"Digital learning and assessment in upper secondary school". In this project we study students' and teachers' experiences of learning and assessment in a digital context.

"Responsive pedagogy". In this project we study how feedback interactions can strengthen students' self-efficacy, self-regulated learning, and feedback literacy.

Research group members

Professor Siv M. Gamlem, (leader)
Assistant Professor Lina R. Kobberstad 
Associate Professor Synnøve H. Moltudal 
Assistant Professor Hilde Gry Leer-Salvesen 
Lecturer Marianne Hustvedt
Professor Wenke M. Rogne 
Associate Professor Pernille Fiskerstrand
Assistant Professor Marit Brekke
Associate Professor Elaheh Tavakoli
PhD Candidate Tara Sapkota 
PhD Candidate Ine Skorbakk
PhD Candidate / Assistant Professor Joakim Erik Gustav Olsson