Forskingsgruppe for litteratur

Fagleg formål

Gruppa skal vere eit forum for litteraturvitskap og tekstlesing i ulike fag. Ho samlar i dag fagfolk frå fire seksjonar/institutt, men er open for fleire tverrfaglege synergiar. Vi arbeider med teksttolking, kontekstuelle analyser, teoretiske og metodiske problemstillingar. Det er eit hovudmål at medlemmane skal få rettleiing og respons på undervegs-arbeid, og få inspirasjon til framtidige prosjekt. Dessutan skal gruppa halde kvarandre informert om aktuelle forskingssamarbeid, prosjektutlysingar, og nyttige nettverk. Der det er ønskeleg vil vi søke interne eller eksterne midlar for meir formaliserte samarbeidsprosjekt. I tillegg er det eit mål å integrere masterstudentar og PhD-stipendiatar i forskingsgruppa.

 

Aktivitetar

På kvart møte vil ein eller to medlemmar (eller gjester) presentere pågåande FoU-arbeid, til dømes utkast til artikkel, idé til bok, søknad om forskingsmidlar eller komande foredrag. Dette er ikkje ferdige arbeid, men ein kladd som ein kan drøfte med fagfeller for å få nyttige innspel i prosessen.

 

Prosjekt som gruppa (medlemmer i gruppa) er involvert i

DARIAH-EU Women Writers in History (https://www.dariah.eu/activities/working-groups/women-writers-in-history/ ) Marie Nedregotten Sørbø er i leiingsgruppa på tre personar frå ulike land, og har hovudansvar for forskingssøknader. Arbeidsgruppa samlar om lag 90 forskarar frå heile Europa, og er utgangspunkt for nye prosjektsatsingar og samarbeid. Desse vil involvere fleire frå forskingsgruppe for litteratur, og fleire studentar og stipendiatar ved HVO.

HERA Travelling Texts 1790-1914 ( http://travellingtexts.huygens.knaw.nl/ ): Marie Nedregotten Sørbø var norsk Principal Investigator, og Elise Fugledal og Hege Lende Sørbråten arbeidde som forskingsassistentar. Prosjektet gjekk frå 2013-16, og er no i etterarbeidsfasen der artiklar og bok skal skrivast. Prosjektet er så langt HVO sitt einaste EU-finansierte prosjekt (https://www.hivolda.no/Forsking/Forskingsprosjekt/hera-travelling-texts-1790-1914-eu-fp7). Dette arbeidet går vidare i nye satsingar.

Leiar

Marie Nedregotten Sørbø

 

Medlemmer

Bente Afset

Marit Brekke

Åsa Sundnes Bruheim

Elise Fugledal (PhD stipendiat)

Svenn-Arve Myklebost

Anemari Neple

Timothy Saunders

Rebecca Davies

Heidi Støa

Marie Nedregotten Sørbø

Hans Olav Aadland

Kjetil Myskja

Siri Vevle

 

I tillegg er andre interesserte kollegaer og gjester til stades på møta.