Cristin

Cristin- logo

Innlogging | Søking | Internt poengsystem

Kva kan registrerast?

Cristin har kategoriar både for skriftlege og munnlege FoU-arbeid. HVO har eit internt poengsystem knytt til denne databasen, slik at avdelingane får tilført midlar utifrå kva og kor mykje som er registrert i Cristin. 

Innlogging til Cristin via Feide. Ta kontakt med forskingsrådgivar Geir Tangen om du står fast.

Vitskapleg publisering

HVO rapporterer vitskaplege tidsskriftartiklar, antologiartiklar og monografiar til DBH. Dette gir eksterne midlar direkte til avdelingane. 

Vitskaplege publiseringar frå HVO-tilsette blir registrerte i CRISTIN:

Vitskaplege publiseringar frå HVO-tilsette (henta frå CRISTIN - alle publiseringar etter 2010)

Universitets- og høgskulerådet (UHR) står for kvalitetssikringa. Register over vitskapelege publiseringskanalar drivast av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) i samarbeid med Det nasjonale publiseringsutvalet (NPU) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. HK-dir ved avdelinga for data og statistikk, er ansvarlege for driften. NPU har ansvar for godkjenning av publiseringskanalar. Lista over tidsskrift og forlag som vert rekna som vitskaplege vert publisert av HK-dir. Sjå lista her.

Norsk publiseringsindikator (NPI)

Norsk publiseringsindikator har til mål å fremje god forsking og skape oversikt over og innblikk i forskingaktivitetane.

Biblioteket vil gjerne få beskjed om vitskaplege monografiar og antologiartikklar.