Foredrag med @spisoppmaten
Mette Nygård Havre leiar folkebevegelsen @spisoppmaten med nærmare 100 000 følgjarar i sosiale medier. Målet er å gjere heile Noreg til matreddarar.
Den tidlegare Volda-studenten arbeida fleire år i avfallsbransjen og såg med eigne auge kor mykje spisbar mat som blir kasta. Ho brukar no sin kunnskap til å reise rundt i landet og inspirere folk til å bli meir beviste forbrukarar med hovudvekt på matredding.
Mette gav ut bok om temaet i fjor, har vunne fleire miljøprisar og bidreg til å motivere oss til positiv endring. Ifølge Mette er matredding bra for både miljø og lommebok. Kom og lær gode tips og triks som kan brukast i kvardagen.
Arrangementet er gratis og ope for alle!