«Fjord»: filmpremiere og panelsamtale

Velkomen til kinopremiere og fagleg belysning av den norsk-rumenske storfilmen Fjord. Familiedramaet med Renate Reinsve er dels innspelt i Ørsta og vann i vår den prestisjetunge Gullpalma (Palme d'Or) for beste film under filmfestivalen i Cannes.

Fjord. Pressefoto.

Fjord. Pressefoto: Another World Entertainment.

Storfilmen Fjord er regissert av Cristian Mungiu og har Sebastian Stan og Oscar-nominerte Renate Reinsve i hovudrollene. Filmen er delvis innspelt på Øye og Sæbø i Ørsta kommune.

Ein norsk-rumensk familie frå Romania til ein liten norsk tettstad. Her kjem fembarnsfamilien raskt i kontakt med den lokale meinigheita og med naboane, som har barn i same alder. Når skulen mistenkjer at foreldra praktiserer fysisk avstraffing mot barna sine, blir det teke affære. Fjord er eit tankevekkjande familiedrama som utforskar kulturforskjellar og dei skjøre grensene mellom privatliv og institusjonell makt. Les meir om filmen på filmweb.no.

Fagleg panelsamtale før filmen rullar

Filmen tek opp samfunnsrelevante problemstillingar og tematiserer mellom anna oppdragarvald og det norske barnevernet. Høgskulen i Volda (HVO) og Søre Sunnmøre barnevernsamarbeid går derfor saman om å belyse det faglege bakteppet for tematikken med ein open panelsamtale som innleiing til premierevisninga på Volda filmteater.

HVO-professor Kjartan Leer-Salvesen, som nyleg har avslutta eit stort forskingsprosjekt om avverjeplikt og partnarvald, leier panelsamtalen.

Under panelsamtalen bidreg desse:

  • HVO-stipendiat Annette Gjerde-Hansen, som forskar på religion, samfunn og film og leia ein av fagjuryane under årets filmfestival i Cannes. Ho vil både kommentere Fjord og kva perspektiv Cannes-juryen hadde på filmen og temaa han tek opp. Ho har også snakka med filmskapar Cristian Mungiu og kan vidareformidle frå hans oppleving av å spele inn Fjord i nærområdet vårt.
  • Representantar frå Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid bidreg med perspektiv på filmen frå ein profesjonsfagleg ståstad.
  • HVO-førsteamanuensis Hildegunn Valen Kleive frå Institutt for religion og livssyn belyser framstillinga av kulturkrasj i filmen ut frå perspektivet til migrantar og religiøse minoritetar.
  • Ein nyutdanna barnevernspedagog frå HVOs studium i sosialt arbeid vil kommentere filmen frå sitt perspektiv som nytilsett i det interkommunale barnevernet.

Arrangementet blir opent for alle interesserte med billettsal via nettsidene til Volda filmteater.

Velkomen til ei heilt spesiell filmoppleving med fagleg påfyll fredag 4. september!

Del på: