Festspelseminar om minoritetsspråk, bibelomsetjing og litteratur

2021-06-14T09:00:00 - 2021-06-14T16:00:00
Legg til i kalender

I samband med hundreårsjubiléet for den første bibelomsetjinga til nynorsk, «Fyrebils-bibelen» frå Studentmållaget, inviterer Høgskulen i Volda og Dei nynorske festspela til eit fagleg seminar måndag 14. juni 2021.

Programskisse

0900    Registrering, kaffe og noko lite å bite i
0915    Velkomst ved programleiar
            Opningshelsingar ved rektor Johann Roppen, Høgskulen i Volda og direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark, Nynorsk kultursentrum
0930    Per Halse: Merkelegaste tiltaket i Studentmållaget si soge?
            Bakgrunnen for og arbeidet i det studentdrivne bibelselskapet 1916 – 1921
1015    Beinstrekk, frukt og kaffe
1030    Jan Inge Sørbø: Stille stunder og karneval. Nynorsken og kyrkjespråket
1130    Lunsj
1215    Meerke Krihke Leine Bientie: Bibeltekster på hjertespråket. Omsetjing til sørsamisk
1315    Anders Aschim: Bibelens klare ord?
            Omsetjingsproblem; døme på diskusjonar om form og innhald
1415    Beinstrekk, frukt og kaffe
1430    Inger Bråtveit: Forfattardeltaking i bibelomsetjing
1500    Samtale om bibel, omsetjing og litteratur
            Panel med Anders Aschim (samtaleleiar), Jan Ove Ulstein, Meerke Leine Bientie og Inger Bråtveit
1545    Avslutting

Med atterhald om mindre endringar.

Del på