Felles fagdag psykiatri - Å hjelpe andre er meiningsfylt, men kven skal hjelpe hjelparen når det røynar på?
Samarbeidspartane Sjustjerna Helse og omsorg, Helse Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda inviterer til felles fagdag for fagpersonell som jobbar med psykisk helse i kommunar og helseføretaket, fastlegar og kommuneoverlegar, leiarar, politi, NAV-kontor og kyrkjene.
Kurset vert søkt godkjent som kurs/vidareutdanning for legar og psykologar.
Samarbeidet om felles fagdagar gir fagleg påfyll og er ein god arena og møteplass for fagpersonell.
Fagdagen i 2025 vil fokusere på varetaking av hjelparane. Hovudforelesar vert psykologspesialist Siri Toven. Ho er ein av forfattarane til boka «Ivaretakelse av hjelpere».
I tillegg vert det innlegg frå Sjefslege i NAV, Maiken Talsæte og Personalleiar i Volda kommune, Berit Lyngstad. Varetaking av arbeidstakar som jobbar terapeutisk med pasientar og brukarar, utfordrar både hjelparen og systemet rundt. Bevisstgjering vert viktig for å hindre at tilsette sjølv vert sjuke eller ikkje maktar stå i rolla som fagperson.
Program :
08:15 Registrering, servering av kaffe, te og mingling.
09:00 Opning av fagdagen.
Hovudforelesar vert psykologspesialist Siri Toven, korleis vareta hjelparane/helsepersonell.
Innlegg frå sjefslege i NAV Møre og Romsdal Maiken Talsæte, med fokus på sjukefråvær.
Innlegg frå personalleiar Volda kommune, Berit Lyngstad, som vil fokusere på kommunen sine tiltak og system for å vareta tilsette.
12:00 Lunsj
Fortsettelse med psykologspesialist Siri Toven, korleis vareta hjelparane/helsepersonell.
15:00 Avslutning.
Lenke til omtale av boka «Ivaretakelse av hjelpere», utgitt på universitetsforlaget.
Pris kr 900,- som inkluderer lunsj, kaffe/te. Faktura blir sendt ut på e-post i etterkant.
Påmelding i Læringsportalen.
Personar utanfor helseføretaket må melde seg på ved å bruke bankID. Oppgi navn og e-post adresse.
Påmeldingsfrist er 16. oktober 2025
Bindande påmelding. Hugs å meld deg av innan 16. oktober dersom du ikkje har høve til å delta likevel. Andre som står på venteliste får tilbod om å delta.
Har du spørsmål? Kontakt Oddvar Marøy, samhandlingskoordinator i helsefellesskapet, Helse og omsorg