Psykisk helse og meistring i eit endrings- og utviklingsperspektiv

psykisk helse

Felles fagdag i psykiatri

Sjustjerna Helse og omsorg, Helse Møre og Romsdal HF og Høgskulen i Volda inviterer til felles fagdag i psykiatri onsdag 11. april. Målgrupper for fagdagen er fagpersonell som jobbar med psykisk helse og meistring i kommunar og helseforetak, samt tilsette ved NAV-kontor i regionen. 

Hovudtema: 

  • Folkehelseutfordringar for Sjustjernekommunane og Helse MR 
  • Modellar for god samhandling og oppgåveløysing
  • Kvar lukkast vi og kvar må vi forbetre oss?
  • Ver med på å utforme framtidig psykisk helsevern på Sunnmøre

Det blir søkt om teljande kuspoeng for aktuelle faggrupper.

Deltakaravgift: 

Fagdagen kostar kr 350,- per person, og inkluderer kursavgift, pausemat og varm lunsj.

Program

Last ned programmet som pdf-fil

8.30: Velkomen
  Jens Standal Groven, prorektor ved Høgskulen i Volda.
8.45-9.00: Brukarperspektivet
  Brukar-/pårøranderepresentant
9.00-9.45: Kva utfordringar har vi i kommunene i dag?
  Miljøterapeut Geir Sæter, Stabsleiar tildeling og koordinering Oddvar Marøy og kommuneoverlege Arne Gotteberg
9.45-10.30: Korleis skal vi lukkast med god samhandling med dei ambulante teama våre?
  Einingsleiarar for ambulante team: Ottar Røyset og Jo Volle, Ambulant seksjon Søre Sunnmøre
10.30-10.45: Pause
10.45-11.15: Organisering av tenestene i kommunane. Vidareutvikling av gode samhandlingsmodellar.
  Svanhild Rise, leiar seksjon psykisk helse i Herøy kommune og Stian Endresen, fastlege og praksiskonsulent
11.15-12.00: Sjukehuspsykiatrien ved Helse Møre og Romsdal HF. Ålesund sjukehus. Korleis skape god samhandling og gode overgangar?
  Karl-Arne Remvik, klinikksjef ved  Klinikk for psykisk helse
12.00-13.00: Varm lunsj
13.00-13.30: Tverretatleg samhandling når barn og unge er pårørande - utfordringar og mulegheiter
  Bente Hasle, Førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda
13.30-14.00: Poliklinikk og sengepost ved Helse Møre og Romsdal HF. DPS  Volda Sjukehus
  Grete Ryste Flåskjær, seksjonsleiar og Tov Are Lia, overlege, DPS Volda sjukehus
14.00-15.00:

Debatt der aktørar vert utfordra til å kome med eitt endringsframlegg for å betre samhandlinga rundt personar med psykiske helseplager (3 minutt kvar):

  • Ambulante team 
  • Sjukehuspsykiatri
  • Volda kommune 
  • Ørsta kommune 
  • Herøy kommune 
  • Fastlege   
  • Volda sjukehus, somatisk avdeling
  • Brukar-/pårørande representant

Ordskifte

15.00-15.15: Konklusjon: Kva endringar må til  for å skape god ”psykisk folkehelse på Søre Sunnmøre” for at innbyggjarane meistrar sine helseplager på ein best muleg måte?
  Kommuneoverlege Arne Gotteberg.

Foredragshaldarar

Arne Gotteberg  
Arne Gotteberg Arne Gotteberg er kommuneoverlege i Volda og Ørsta kommunar. Han har sidan 1990 vore aktivt med i utviklinga av 
Folkehelsearbeidet i Volda og har gjennom sitt verv som styremedlem i ”Sunne kommuner – WHO’s norske nettverk” også fått vore
med å utvikle nasjonal folkehelsepolitikk gjennom plandokument og sentrale prosessar på området og innspel til Folkehelseloven (2012)  
    
Oddvar Marøy  
Oddvar Marøy Oddvar Marøy er stabsleiar ved Tildeling- og koordineringsstab i Ørsta kommune. Han er utdanna sjukepleiar og diakon med tilleggsutdanning innan leiing, helserett og helse i plan.
Marøy har administrativ leiarerfaring frå 1987 innan pleie og omsorg, og var helse- og sosialsjef 2008-2011.
Fokus no er forvaltning, tildeling og koordinering av helse- og omsorgstenester, plan- og folkehelsearbeid.
 
    
Svanhild Rise  
Svanhild Rise Svanhild Rise er seksjonsleiar ved Teneste for psykisk helse i Herøy kommune. Ho er sjukepleiar med vidareutdanning i Rettleiingspedagogikk og Psykisk helsearbeid. Ho har det meste av yrkeserfaringa si frå kommunal teneste. Rise har hatt praksis i vaksen-psykiatrisk avdeling SSMR, og har arbeidd i to år på sengeposten ved Volda DPS .
    
Grete Ryste Flåskjær  
 grete ryste flåskjer  Grete Ryste Flåskjer har dei siste fire åra vore seksjonsleiar ved DPS Volda døgnseksjon. Ho har tidlegare erfaring i DPS som teamleiar, sosialkonsulent og fagkonsulent i poliklinikk.
Flåskjer er utdanna sosionom med videreutdanning i rus og leiing og personalutvikling. Ho har i tillegg eit toårig studium i planlegging og administrasjon. Ho har også jobba i barnevernet og i rusomsorga i kommunen.
    
Bente Hasle   
  Bente Hasle Bente Hasle jobbar som førsteamanuensis i sosialfag på sosialarbeiderutdanninga på Høgskulen i Volda. Ho er utdanna barnevernspedagog med en mastergrad i spesialpedagogikk og doktorgrad i tverrfagleg barneforsking. Hennar primære faglege interesse er tilhøve rundt barn og unge med ulike livsutfordringar og familiane deira. I innlegget vil ho sjå nærare på behovet for tverrprofesjonelt samarbeid rundt barn som pårørande til personar med psykiske lidingar.
    
Ottar Eiksund Røyset  
  ottar eiksund røyset Ottar Eiksund Røyset vart utdanna sjukepleiar i 2003 og har vidareutdanning innan paramedic og helse- og sosialleiing. Ottar kjem frå ambulanseyrket han har jobba med sidan 2007. 
Han har vore stasjonsleiar for Geiranger, Sande og Herøy ambulanse, men har dei siste fire åra vore tilsett som ambulansearbeidar i Hareid og Ulstein ambulanse. Ottar er ny for klinikken psykisk helse og rus, men tek fatt på oppgåvene i ambulante tenester med friskt mot, i tillegg til å ha eit godt team rundt seg som set pasienten i sentrum.
 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

logosamling

Del på