Fagdag i geriatri: KOLS og gode pasientforløp

Kolspasient Ola

Ola har KOLS. Kva er viktig for Ola i møte med hjelpeapparatet? Sjustjerna helse og omsorg, Helse Møre og Romsdal HF og Høgskulen i Volda arrangerer fagdag i geriatri for helsepersonell.

Kursavgift kr 350,-.

Program 24. og 25. januar 

  • 08.30 - 09.00: Registrering
  • 09.00 - 09.15: Å leve med kols. Brukarperspektivet.
  • 09.15 - 09.45: Utfordringar og muligheiter i fastlegen sitt møte med Ola. Fastlege Jan Egil Romstrand, Volda kommune.
  • 09.45 - 10.30: Sjukdomsbiletet for Ola; Utfordringar og mulegheiter. Spesialist i lungemedisin Odd Frode Aasen, Volda sjukehus.
  • 10.30 - 11.00: Legemiddel og KOLS. Kva er viktig for Ola? Farmasøyt Ben Andre Skorstad, Volda sjukehus.
  • 10.15 - 10.30: Beinstrekk med kaffi/te og frukt.
  • 10.30 - 10.55: Rehabilitering av KOLS-pasienten. Kva er viktig for Ola? Stina Jakobsen, kommunefysioterapeut, Ørsta kommune. 
  • 10.55 - 11.20: Kva er viktig for Ola i forhold til ernæring? Klinisk ernæringsfysiolog Åshild Erika Storaas, Volda sjukehus.
  • 11.20 - 11.45: Møtet med KOLS-pasienten. Kva er viktig for Ola? Lungesjukepleiar Hildegunn Rotnes, Volda sjukehus.
  • 11.45 - 12.30: Varm lunsj.
  • 12.30 - 13.15: Kvifor kan digitalisering vere viktig for Ola (i framtida)? Innovasjonsrådgivar/forskar Christer Andre Jensen, Helse Møre og Romsdal.
  • 14.00 - 14.15: Beinstrekk med kaffi/te og noko søtt.
  • 14.15 - 14.45: Kva er viktig for Ola i livet si siste fase? Palliasjon i eit legeperspektiv. Spesialist i lungemedisin Odd Frode Aasen, Volda sjukehus.
  • 14.45 - 15.15: Kva er viktig for Ola i livet si siste fase? Palliasjon i eit sjukepleiarperspektiv. Palliasjonssjukepleiar Sidsel Ellingsen, Høgskolen Betanien i Bergen.

Last ned invitasjon (pdf):

 

Invitasjon

Del på