Fagdag i geriatri

Frist for påmelding: 8. april 2024

Pris: 400,- 

Tilsette frå kommunane melder seg på via LetsReg.no.

Tilsette i Helse Møre og Romsdal melder seg på via Læringsportalen.

Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende mail til Bjørn Gunnar Tafjord

 

Tema: Fysisk aktivitet som medisin

Kan fysisk aktivitet hjelpe oss med å førebygge og behandle sjukdom hjå eldre?
 
Fagdagen er eit årleg arrangement i samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. Målgruppa er helsepersonell i kommunane og ved sjukehuset i Volda, studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda, politikarar og andre som er interesserte i temaet. 
 
Fagdagen vil fokusere på samfunnskonsekvensar, helseutfordringar, sosiale føresetnader, men også på moglegheit for behandling, aktivitet og sosial deltaking som kan påverke helsa. Demografi- og helsepersonellutfordringar veit vi kjem. Alle må delta i målretta tiltak som kan redusere behov for helsetenester både i kommune og sjukehus. Behov for endringstiltak blir tydlegare for kvart år. 
 
Vi får vite meir om kva forsking kan dokumentere av mogelege helsegevinstar, og nokre gode eksempel på tiltak som er tilgjengeleg, både offentleg og privat.
 
 

Program

0830     Registrering

0900     Opning av fagdagen v/ Stian Endresen

0910     Kvifor er fysisk aktivitet og trening viktig ?
             Nasjonale strategiar i møte med framtidas utfordringar
             v/ Stian Endresen, fastlege Ulstein og samhandlingslege M&R/  m. fleire.

0940     Lunge- og hjertesjukdom
             v/ Miriam Wiksnes, overlege Volda sjukehus

1030     Beinstrekk

1045     Frisklivssentral – kommunalt tilbod Ørsta
              v/ Stina Jakobsen, fysioterapeut Ørsta kommune

1130     LUNCH

1215     Kreftsjukdom og helse
             v/ Merete Bjåstad,  spesialrådgjevar Kreftforeningen (teams)

1300     Sosial deltaking og inkludering som faktor for helse og eit aktivt liv
             v/ Vidar Myklebust, dosent Høgskulen i Volda

1330     Beinstrekk

1345     Seniortrim på nett - Eigentrening
             v/ Elisabeth Flo, treningsinstruktør Seniortrim.no

1415     HelsaMi / Læring og meistring
             v/ Rita Overvåg, rådgjevar HelsaMi / ROPP

1445     Fysisk aktivitet - Uthalds- og styrketrening​​​​​​​
             v/ Kjetil Høydal, professor Høgskulen i Volda

1515     Avslutning – Vel heim


 

Del på: