Fagdag barnehage 2022

Temaet for fagdagen er rettleiing i praksis. Første del av dagen vil Kari Pauline Longva og Gerd Sylvi Steinnes presentere eit forskingsprosjekt der dei har intervjua praksislærarar om arbeidet med rettleiing av barnehagelærarstudentar i praksis. Sentralt i presentasjonen er funn knytt til studentføresetnader og utfordringar i rolla som praksislærar. Det vil verte lagt vekt på erfaringsdeling og diskusjon av funna i forskingsprosjektet.

Eit sentralt funn er at praksislærarane har ønske om eit forum der dei kan prøve ut rettleiing saman med andre praksislærarar. Andre del av dagen set vi difor av til rettleiing i grupper og vi ber om at du tek med ei problemstilling knytt til arbeidet som praksislærar som kan nyttast i ei rettleiingsøving.

Påmelding kan du gjere her, og påmeldingsfristen er 29. april 2022.

Klikk deg inn på Fagdag barnehage for program for dagen.

Del på: