Fagdag barnehage

Logo fagdagbarnehage

 

Fagdag barnehage er ein møteplass for fagleg oppdatering og utveksling av erfaringar mellom praksisbarnehagane og faglærarane ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.

Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda inviterer i år til fagdag barnehage 8. mai 2020 på Berte Kanutte huset, Høgskulen i Volda.

Rom: BK161 (store aud.)

Tema er Skikkaheitsvurdering i høgare utdanning


Fagdag barnehage har i år fokus på skikkaheitsvurdering av studentar i høgare utdanning. Alle studentar som skal bli barnehagelærarar må, i tillegg til å ha nådd læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga og ha bestått dei faglege krava, vere skikka for sitt framtidige yrke. Vurderinga om ein student er skikka for yrket skal gå føre seg gjennom heile studiet. Praksislærarar og lærarar i kunnskapsområda har eit særskilt ansvar for å vurdere om ein student er skikka til framtidig yrke. Kari Kildahl kjem i år til fagdag barnehage for å å gi oss betre innsikt i dette viktige tema. 

Kildahl kjem, med utgangspunkt i Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning, inn på tema som formål med skikkaheitsvurdering, løpande og særskild skikkaheitsvurdering, om å melde tvil, forholdet mellom stryk i praksis og tvilsmelding, døme på ulike saker og saksgang. 

Kari Kildahl er utdanna barnehagelærar og økonom. I tillegg har ho hovudfag i pedagogikk. Kari er Institusjonsansvarlig for skikkethetsvurdering ved OsloMet- Storbyuniversitetet. Ho er også leder av arbeidsutvalget (AU) for institusjonsansvarlege i Norge og held kurs og foredrag om skikkaheitsvurdering for studentar, tilsette og praksisfelt.


Program

10:15    Velkomst og informasjon ved barnehagelærarutdanninga
             Skikkaheit i høgare utdanning, ved Kari Kildahl
12:00    Lunsj i kantina, Berte Kanutte Huset
12:45    Skikkaheit i høgare utdanning, ved Kari Kildahl
15:30    Slutt

 

Vel møtt til Fagdag barnehage.

 

Studiesituasjon

Del på