Fagdag barnehage

Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda inviterer til fagdag barnehage 9. april 2019 på Strøm huset, Høgskulen i Volda. Rom: Strøm Auditorium.

Tema er Høgtidsmarkering i barnehagen.

Fagdag barnehage er ein møteplass for fagleg oppdatering og utveksling av erfaringar mellom praksisbarnehagane og faglærarane ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.

Fagdag barnehage 2019 har fokus på høgtider og måter å markere dei på i barnehagen, til dømes å lage tradisjonell mat, religiøse forteljingar med meir. Det blir hovudfokus på muslimske og hinduistiske høgtider, men ein kjem også innom kristne og jødiske. Fagleg ansvarleg er Jostein Garcia de Presno. Han har med seg Nissa Mahaladelnumy, Saeed Mahmood, Kari Ryslett, Hilde Muren og Hege Holmqvist Synnes. 

 

Program:

10:00 - Høgtidsmarkering i barnehagen 

12:30 - Servering av lunsj

13:15 - Høgtidsmarkering i barnehagen

15:00 - Oppsummering og erfaringsutveksling

             Informasjon frå barnehagelærarutdanninga

 

Vel møtt til Fagdag barnehage.

Del på