Suksess med kjeldesortering på biblioteket

Text: Per Straume

- Updated

I den mest hektiske eksamens- og oppgåveperioda sette høgskulebiblioteket opp kjeldesorteringsstasjon for å hjelpe studentane. – Det er definitivt eit behov for studentane våre,  dette er noko vi vil vidareføre, seier bibliotekleiar Mona Iren Auganæs.

I mai hadde biblioteket ein kjeldesorteringsstasjon der ein kunne få hjelp med sjekk av kjeldelister. På fire veker hadde bibliotekarane 130 studentar innom og svart på alt i frå spørsmål om enkle referansar til hjelp med gjennomgang av kjeldelister i bachelor- og masteroppgåver. 

Auka merksemd

Spørsmål om kjeldehenvisningar og APA- stil går igjen i skranken i biblioteket, og det har vore aukande med spørsmål om dette dei siste åra. Difor såg ein eit behov for å gjere eit ekstra tiltak.

– Inntrykket vårt er at studentane er meir opptekne av riktige kjeldesitering og -bruk no enn før. Vi har også eit inntrykk av at faglærarane legg meir vekt på det enn tidlegare og kanskje snakkar meir om det sidan studentane er meir bevisste. Dette er spesielt viktig for dei som skriv bachelor - og masteroppgåver, seier Auganæs.

Vil bruke ressursar

Erfaringane frå denne første testen med kjeldesortering, gjer at biblioteket vil halde fram med liknande tiltak.

– Det er definitivt eit behov for studentane våre, og då er dette noko biblioteket vil bruke ressursar på å følgje opp vidare. Vi ser føre oss at vi skal kunne tilby ein slik teneste i haust- og vårsemesteret, men har ikkje landa på endeleg konklusjon knytt til dato og tidsspenn enno, fortel Auganæs.
 

Share on