Lærerik studietur til Amsterdam og Brüssel

Text: Per Straume

- Updated

Innblikk i den nederlandske skulen, ny kunnskap om EU og EØS, Brexit og byplanlegging i Amsterdam var noko av det lærarane ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag fekk med seg frå studieturen til den nederlandske hovudstaden og Brüssel.

Her kan du lese eit reisebrev frå turen, skriven av høgskulelektor Hilde Muren:

IPAS, institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, har som oppgåve å førebu framtidige leiarar og lærarar på eit samfunn i kontinuerleg utvikling der spenning mellom lokalsamfunn, region og storsamfunn står sentralt. Alle studieprogramma på instituttet brukar ekskursjon som plattform for læring, denne gongen var det lærarane sin tur til å reise og lære, og turen gjekk til Amsterdam og Brüssel. 

Skule og utdanning i Nederland

Vi knytte kontakt med vårt partnaruniversitet KPZ (Katholieke Pabo Zwolle), ein høgskule som er spesialisert på utdanning av lærarar til «primary education», dvs. barn 4-12år. Skulesystemet i Nederland skil seg på mange område frå Noreg, eit av skilja ligg i at familien og barnet allereie frå dei er 12år må velje utdanningsretning: Skal eg velje yrkesfag, ei profesjonsutdanning eller akademisk? Læraren rettleier gjennom vurdering av testar og observasjonar. Også lærarutdanninga skil seg frå Noreg, utdanninga går over 4 år og byr ikkje på spesialisering knytt til fag – då med unntak av sport. Utdanninga legg stor vekt på at studenten skal utvikle sin eigen profil som lærar, dvs. ein profesjonsidentitet knytt til kunnskap om barnet, om faget og det å vere ein endringsagent i lærarverksemd. Det verkar som om systemet har ein sterk tillit til læraren sitt profesjonelle skjøn i val av metode for å nå nasjonale læringsmål.

IPAS-tur4

Eit spesielt interessant tema var korleis KPZ arbeidde i det siste studieåret for å unngå praksissjokket som også nyutdanna i Nederland opplever. Skulen legg til rette for at studenten kan arbeide 2 dagar i veka som ubetalt lærar, som del av det faste lærarteamet på skulen. Studenten har framleis ein praksislærar og blir jamleg besøkt av faglærar frå høgskulen – som begge deltar i observasjon og vurdering av eit utval av undervisningsdemonstrasjonar. Når studenten deltar som del av lærarteamet, kan andre lærarar frigjerast til kompetansehevande tiltak, for eksempel påbygging til ein master. 

Noreg, EØS og EU

I desse dagane med val til EU-parlamentet og Brexit, var det naturleg å ta ein tur til Brüssel og besøke vår norske EU-delegasjon. Noreg deler skjebnefellesskap med Europa, 80% av eksporten vår går til EU og 60% av importen vår er knytt til EU-land. Det gjer at kunnskap om vår tilknyting til EU og korleis vi kan påverke viktige avgjerder er viktig for oss og for studentane våre.  Samen med dei andre EØS-landa, betaler Noreg om lag 2,8 mrd. kroner (2014-18) som gjennom EØS-avtalen gir oss tilgang til EU sin indre marknad. Desse pengane skal gå til regionale utviklingstiltak i dei fattigaste landa i EU, og bruken kan påverkast av «givarlanda» gjennom forhandlingar.  I tillegg til tilgang til den indre marknaden, gir EØS-avtalen oss ei demokratisk stemme i EU, Noreg får delta i utgreiingsarbeid og faglege diskusjonar som blir gjort som grunnlag for saker som skal handsamast i kommisjonen. 

IPAS-tur


Sidan vi reiste til Brüssel med ferske nyhendeoppslag om Theresa May sin sannsynlege avgang som statsminister, vart informasjonen om Brexit møtt med ekstra merksemd. Vi fekk inntrykk av at skilsmisseforhandlingane har vore prega av to ulike tilnærmingar: På den eine sida eit Storbritannia som møtte uførebudd, kanskje fordi dei var vant til å få det som dei vil, og med forventingar om å møte ein splitta forhandlingspart. På den andre sida eit samla EU som møtte Storbritannia sitt ønske om utmelding med respekt og som var godt fagleg og politisk førebudd på alle moglege posisjonar og konsekvensar knytt til forhandlingane

Lokalplanlegging

Siste dagen knytte vi kontakt med byplanleggingskontoret i Amsterdam. Vi vandra i bydelen Kraaiennest som på 60-talet vart etablert i mange, lange, høge blokker som støtta segregering og isolering og vart følgt av mange sosiale utfordringar. I dag arbeider kommunale planleggarar og lokale innbyggjarar saman for å utvikle ein arkitektur som støttar inkludering og samhandling. Blokker blir rivne, lågare og mindre hus bygd og felles areal og korridorar mellom buområde blir prioritert. Ein viktig suksessfaktor er at bebuarar er aktive i medverknadsprosessar og opplever å bli lytta til, ein byggjer nettverksdemokrati der ein oppsøkjer bebuarar for å høyre deira stemme og meining. Dei unge nyttar videokamera for å synleggjere korleis dei opplever oppvekstmiljøet sitt. 

IPAS-tur2

På heimlege trakter på Sunnmøre er mange aktørar interessert i utvikling av turisme som næring, andre aktørar opplever eit stort press og må gjere tankar om korleis takle store mengder turistar. Det var difor nærliggjande å lære korleis Amsterdam løyser sine utfordringar med turisme. Byen har om lag 850.000 innbyggarar og tar i mot 19 millionar turistar årleg. Turistane bidrar til mange arbeidsplassar, men er også ei belasting for lokalbefolkninga. Derfor har kommuneadministrasjonen slutta å marknadsføre byen som reisemål, alle gaidar må ha kommunalt løyve, og det er innført restriksjonar for kor store gruppene kan vere, når det kan gaidast og korleis. Overnatting via Air BNB blir forsøkt avgrensa, turistskatt er til vurdering og informasjon blir prioritert. Sentrale område i Amsterdam får plakatar som informerer turistar om kva reglar som bør respekterast, og unge menn som kjem inn i visse område av byen får pop-opp varsel på mobilen: Hygg deg, men ver respektfull!

Ein lærerik tur

Vi har hatt ein tur med læring knytt til eigne og til kollegaers fagområde. I tillegg har vi oppnådd utilsikta læring som: Det går ikkje alltid ein tog med plass til alle – og – Schiphol er best med handbagasje. 
 

Share on