Meir naturfag og matematikk i barnehagen

Text: Per Straume , Photo: Kari Ryslett

- Updated

Den siste av seks samlingar i kurset vidareutdanning i naturfag og matematikk i barnehagen, NAMABHG, var i år lokalisert på Yksnøya. Dette kurset er ein del i Utdanningsdirektoratet si realfaglege satsing for auka kompetanse og kvalitet i barnehagen. På denne samlinga var det fokus på naturfaglege og matematiske aktivitetar med friluftsliv og utekjøkken som læringarenaer.

Tekst: Kari Ryslett og Ingeborg Berget

Høgskulen i Volda har drive undervising på Yksnøya i 40 år, men dette er fyrste gongen vidarutdanningskurset for barnehagen nyttar Yksnøynaustet i undervisinga. 

Surgras og gauksyre til lunsj

Spente studentar vart i lett mairegn skyssa med båten «Nordlys» frå Berkneskaia til Yksnøya. Det fyrste oppdraget etter overfarta, var å etablere leir. Deretter rigga studentane til utekjøkken og langbord i naustet og støa. Etter introduksjon om naturen som spiskammers, sanka studentane surgras, marikåpe, løvetann, engkarse, gauksyre og bjørkeblad. Dette vart brukt til lunsjrettane suppe, bjørkescones med ramslauksmør og grøn ostepanne.

Utekjøkken
Slik vart utekjøkkenet på Yksnøya.

Studentane fekk erfaring med å bruke ingrediensar i maten som dei oftast berre bruker til kokkelering i sandkassa saman med borna i barnehagen. Smaken var overraskande god! Under kjøkkenaktivitetane reflekterte studentane over  bruk av matematikk i form av mål og vekt i praktisk arbeid.

Matematisk undring

Etter lunsj, var det tid for fleire matematiske aktivitetar. Her var det fokus på matematikk på tur. Studentane fekk utdelt kart over Yksnøya, og fekk i utfordring å skulle estimere kor lang tid dei ville bruke på å gå over øya. Etterpå skulle studentane gå ruta, og ta tida. Under turen skulle dei ta på dei matematiske brillene, og sjå etter situasjonar som legg til rette for matematisk undring saman med borna. I etterkant av turen vart desse innspela kategorisert og diskutert. 

Kvelden vart avslutta i støa med middag og langbord, pynta med markblomar. Heile måltidet vart laga på grue: Bakt potet, heilsteikt aure og rotgrønsaker med ramslauksmør. Her var det refleksjonar om enkel laging av mat på bål, bruk av fisk i barnehagen og måltidet som pedagogisk arena.

Festmåltid
Festmåltid med bakt potet, aure og rotgrønsaker frå grua

Vekte konkurranseinstinktet

Dagen etter var det fokus på livet i fjøra, gjennom fjøreekskursjon. Studentane kategoriserte og fann kjenneteikn på dei ulike artane. Det var spennande å lære både om forflyttinga til olbogeskjel og tangloppene si formeiring. Mot slutten av ekskursjonen sanka studentane snacks til lunsj. Dei fekk smake på kokte strandsniglar, sprøsteikt sauetang og olbogeskjel. Kanskje er dette den nye turmaten i barnehagane? 

Vidare var det tid for repetisjon av litteratur dei har lese gjennom året. No måtte studentane kaste terning og lagvis finne spørsmål som var plasserte på Yksnøya. Aktiviteten førte både til at konkurranseinstinktet blei vekt, og pulsen steig, samtidig som dei fekk repetert noko av det dei har lært gjennom året. Her var både spørsmål innan matematikk, geologi, fysikk, kjemi og biologi.

Studentane uttrykte takknemlegheit for læringsutbyttet etter kurset. No har dei fått nye faglege perspektiv som gjer arbeidskvardagen meir spennande. Dei seier sjølve at det har skjedd ei endring i korleis dei møter barna sine spørsmål om naturfag og matematikk. No undrar dei seg i større grad saman med barna, og utfordrar barna til å stille fleire spørsmål. Studentane fortel at dei no har fleire idear til korleis dei kan legge til rette for matematiske og naturfaglege aktivitetar saman med barna.
 

Share on