Festkonserten - prikken over i-en på Nasjonaldagen

Text: Per Arne Brandal

- Updated

Når symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda byr inn til festkonsert i Volda kyrkje på nasjonaldagen, kan dei love ei stund fylt med sprudlande og stemningsfulle tonar.

Tradisjonen tru er det musikk av norske komponistar som blir framført, frå Halvorsen, Nordraak, Johannes Hanssen og til Grieg og Bull - dei mest kjende i internasjonal samanheng. Publikum får høyre kjenningsmelodien frå Ønskekonserten, Bojarenes inntogsmarsj (Halvorsen); den flotte Valdres-marsjen (Hanssen) som er basert på ein gamal lurlokk og som er kåra til Norges nasjonalmarsj; og Halvorsens fantastiske Eventyr-billeder som manar fram historia om prinsessa som reid på ein isbjørn og dansande småtroll.

To av dei tre dyktige solistane som er med i denne konserten er ungdomar frå Volda som har vunne prestisjetunge prisar og som er spådd lysande karrierar. Desse er fiolinisten Åsmund Arnesen Farstad, som skal spele den folketoneinspirerte Et sæterbesøk av Bull, og sopranen Louise Engeseth, som framfører den nydelege Ved Rondane og Solveigs sang av Grieg.

 

Annar Follesø.
Hovudsolisten på konserten er Annar Follesø med Bulls Fiolinkonsert Op.1 i A-dur.

Hovudsolisten på konserten er Annar Follesø med Bulls Fiolinkonsert Op.1 i A-dur. Annar, som saman med Wolfgang Plagge er kunstnarisk leiar for Sunnmøre kammermusikkfestival, har spelt inn ei kritikarrost plate med Bullkonsertane i lag med Kringkastingsorkesteret. Fiolinkonserten i seg sjølv er ei høgromantisk perle, med ei fascinerande blanding av dramatikk, ømheit og skøy. Publikum har, med andre ord, mykje å glede seg til.

Og på denne siste konserten i sesongen blir det fleire russedrakter å sjå i orkesteret, i eit år då det er rekordmange elevar frå Volda vidaregåande skule som skal av garde til musikkfolkehøgskule - endå eit døme på det unike musikkmiljøet denne bygda kan vere så stolt av. Mon tro om dei kan få ei russeknute for å stille opp på lange øvingar og konsert då dei kunne ha gjort mykje anna artig i denne hektiske tida?

EO
– Vi ynskjer alle vel møtt til den nasjonale festkonserten som vi trur vil bli prikken over i-en på Nasjonaldagen, seier dirigent Elizabeth Oltedal.

Share on