Tre millionar til ombygging av auditorium

Text: Per Arne Brandal

- Updated

Pengane kjem frå ei ordning regjeringa har for å ruste opp undervisningslokale med tanke på nye undervisningsformer. – Vi ønskjer å skape eit auditorium som gjer det mogleg veksle mellom ulike måtar å undervise på, seier dekan ved Avdeling for samfunnsfag Odd Ragnar Hunnes.

Betre studiekvalitet

– Variasjon er eit viktig prinsipp i undervisning og læring. Ombygginga av auditoriet i Hans Strøm-huset vil opne opp for meir bruk av ny teknologi og undervisningsformer der studentane er meir aktive, seier Hunnes.

– Dette er ein annan måte å lære på. Studentane vil få meir utbytte av undervisninga, seier rektor Johann Roppen.

Prosjektet, som har fått namnet «Veksel-Strøm», har ein kostnadsramme på vel seks millionar kroner.

Statsbudsjettet 2019.

Bakerst ser vi lokale representantar frå regjeringspartia. Frå venstre: Hallvard Bjørneset (V), Stig Olav Lødemel (H), Arild Iversen (KrF), og Roald Espset (Frp). Fremst rektor Johann Roppen (t.v.) og dekan Odd Ragnar Hunnes.

Share on