– Gir meg heilt nye perspektiv i jobben

Text: Per Straume

- Updated

Henriette Løvik har fått eit nytt tankesett og større teoretisk og praktisk ballast med seg når ho går på jobb. Det takkar ho vidareutdanninga Miljøterapi i demensomsorga for.

Til dagleg er ho hjelpepleiar ved eit dagtilbod for personar med demens på heimplassen Knarvik utanfor Bergen. Når vi snakkar med 29-åringen er ho på Høgskulen i Volda og gjer ferdig den siste av fire samlingar ho har hatt gjennom skuleåret med Miljøterapi i demensomsorga.

Les meir om vidareutdanninga og søk her.

Prøve ut i praksis

Løvik fortel at stor interesse for brukargruppa, gjere ein enda betre jobb for dei og vidareutvikle seg sjølv var hovudårsakane til at ho valde vidareutdanninga.

– Eg vart freista av ein kollega som hadde tatt Miljøterapi i demensomsorga og anbefalte det. I jobben min følte eg at eg hadde behov for meir kunnskap om miljøbehandling, og difor starta eg opp, fortel Løvik, som har sette pris på eit avbrekk i arbeidskvardagen med turar til Volda for fagleg påfyll.

Mellom samlingane har ho og medstudentane arbeidd med teorien og praktiske døme og oppgåver. Dei vert utfordra på å teste ut det dei lærer i jobben sin.

– Det er så kjekt å kunne prøve det ut i praksis. Der ligg det veldig mykje læring. I tillegg kan eg vidareformidle det til kollegaene mine og diskutere med dei.

Viktig og rørande

Sentrale tema i utdanninga er demens og kognitiv svikt, nasjonale føringar i fagfeltet, personsentrert omsorg, kommunikasjon og samhandling, pårørande perspektivet, velferdsteknologi. Miljøterapi i demensomsorga skal gi kompetanse i å legge til rette for ein god kvardag for menneske med kognitiv svikt. Ein vil kunne utvikle ferdigheiter i å planlegge, gjennomføre og evaluere miljøtiltak individuelt og i gruppe.

Miljøterapi
Henriette Løvik tar eksamen i Miljøterapi i demensomsorga våren 2019.

Løvik synest ho har lært mykje. – Det med dei pårørande har vi lært mykje om. Vi har blant anna hatt pårørande inne i timar som har snakka frå sitt perspektiv, det har vore både viktig og rørande.

– I tillegg har eg lært mange nye omgrep å bruke i miljøtiltak. Ut i frå livshistoria til brukarane, kan ein bygge tiltak som er godt eigna for kvar enkelt. Eg tar med meg mange gode verktøy ut i jobb. Denne vidareutdanninga har gitt meg heilt nye perspektiv i jobben, seier Løvik.

– Alle burde hatt det

Som hjelpepleiar er ho ein del av målgruppa for vidareutdanninga, saman med sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, fagarbeidarar, sosialarbeidarar, vernepleiarar og andre som arbeider i heimebaserte tenester, på dagaktivitetstilbod og institusjon.

– Alle som arbeider i helse- og omsorgssektoren burde tatt denne vidareutdanninga.

Henriette Løvik

Undervisninga er organisert over fire samlingar à tre dagar. Det er førelesingar, praktiske øvingar, gruppearbeid med framføringar og oppgåveskriving, og mellom samlingane er det innlevering av arbeidskrav.  Ein vil få tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der informasjon og fagstoff blir tilgjengeleg. Eksamen er ei individuell, skriftleg heimeoppgåve.

Share on