Studentane håpar å knuse dei lokale

Text: Per Straume

- Updated

Volda Studentidrettslag og KFUM Volda kjempar ein knallhard kamp om å vinne herrane sin 2. divisjon i volleyball. Til helga møtast dei og skal kjempe om livsviktige poeng som kan bety opprykk eller ikkje.

KFUM Volda og Volda Studentidrettslag (VSI) tronar på toppen av tabellen av 2. divisjon i Møre og Romsdal med sine 34 poeng. KFUM har vunne eitt sett meir og leiar serien med minst mogleg margin.

Spesiell kjensle

Det er bakteppet før begge laga møtast til dyst i Voldahallen laurdag 6. april klokka 12.00, i tillegg skal dei begge opp mot tabelljumbo Blindheim, som bør ende med seier for begge Volda-laga. Ein utsett kamp frå tidlegare i sesongen mellom KFUM og VSI der dato enno ikkje er set, vil høgst sannsynleg avgjere den interne Volda-fighten.

– Det er ein spennande kamp mellom oss. Eg kjenner at det er litt spesielt at vi er frå same bygd. Begge laga har veldig lyst til å vinne serien og få det opprykket, seier Christian Christiansen, spelar og leiar i VSI.

Medan KFUM var VSI ganske overlegne førre sesong, er status no altso heilt annleis. Laga har vunne kvar sin kamp tidlegare i sesongen. – Vi må helst vinne begge kampane mot KFUM, men eg verken tør eller vil spå noko utfall. Vi håpar sjølvsagt å slå dei klart, sjølv om vi nok veit at det vil bli jamne kampar, seier Christiansen.

Ny kvardag med opprykk

Med eit eventuelt opprykk til 1. divisjon vil stoda verte heilt annleis for VSI. Interne kampar i Volda og bilturar til Ålesund og Molde, kan bli bytta ut med turar til Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

– Nokon er litt skeptiske til å takke ja til eit opprykk, men eg og fleire med meg meiner at vi sjølvklart bør ha det som ein ambisjon. Det vil bli utfordringar med tanke på økonomi og organisering, men det må vi finne ei løysing på, meiner ein optimistisk Christiansen.

Laurdag håpar han og lagkameratane at mange tek turen til Voldahallen for å følgje lokaloppgjeret.

– Det hadde vore kjekt med mykje studentar i hallen som kan gi oss støtte, frir leiaren i VSI.

 

Fakta om VSI:

Medlemmar: 375
Idrettar:      - Fotball
                   - Handball
                   - Innebandy
                   - Badminton
                   - Bordtennis
                   - Basketball
                   - Symjing

Avgift: 300 kroner i semesteret. Kan då vere med på alt av idrettar og har tilgang til eige treningsrom med apparat.

Share on