– Sterke fagmiljø blir enda sterkare saman

Text: Per Arne Brandal

- Updated

Professor Siv M. Gamlem frå Høgskulen i Volda er leiar for forskingsprosjektet «Systematisk observasjon i pedagogisk forsking». Prosjektet er eit nettverkssamarbeid mellom fagtilsette ved Høgskulen i Volda, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet. I tillegg er fagtilsette frå institusjonar i frå Finland og Danmark med.

Prosjektet fekk i fjor fekk 100 000 kroner i forskingsmidlar frå UH-nett Vest i 2018.

– Fleire fagmiljø ved dei ulike institusjonane i UH-nett Vest nyttar systematisk observasjon i klasserommet. Fleire av desse miljøa har leia store forskingsprosjekt med støtte frå Forskingsrådet. Til dømes RespMath (Høgskulen på Vestlandet), DigiHand (Høgskulen i Volda), CIESL og Two Teachers (Universitetet i Stavanger). Gjennom dette prosjektet koplar vi oss saman i eit felles nettverk for utvikling av kompetanse og framtidig samarbeid, seier professor Gamlem.

Les meir.

 

Share on