HVO skal vurdere støtteordningar for litteratur

Text: Per Arne Brandal

- Updated

Ei tverrfagleg forskargruppe ved Høgskulen i Volda har fått i oppdrag frå Kulturrådet å greie ut tilskotsordningane for litteratur. Prosjektet har fått namnet «Litteraturutredningen 2019» og føremålet med utgreiinga er å bringe fram kunnskap om korleis støtteordningane for litteratur fungerer, korleis dei verkar innanfor det litterære krinsløpet og korleis dei bidreg til å nå litteraturpolitiske mål.

Utgreiinga skal vere ferdig innan utgangen av 2019 og har ei total ramme på 2 000 000,-.

Prosjektleiarar for utgreiinga er professor Paul Bjerke og førstelektor Lars Julius Halvorsen ved Avdeling for mediefag (AMF). Dei andre medlemmane av prosjektgruppa er, Anemari Neple ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), Bente Gunn Lien (høgskulebiblioteket), Bjarne Riiser Gundersen (AMF) og medievitaren Synnøve Lindtner (UiB) som vil bli engasjert av høgskulen og prosjektperioden.

Det er eit kulturpolitisk mål i Noreg at det vert skrive og publisert litteratur av høg kvalitet og stor breidde, og at litteraturen vert gjort tilgjengeleg og lesen av flest mogleg over heile landet. Kulturrådet sine tilskotsordningar for litteratur er viktige verkemiddel for å realisere denne målsetjinga.

Det finns to typar tilskotsordningar. Den viktigaste er dei fem innkjøpsordningane: ny norsk skjønnlitteratur, omsett litteratur, ny norsk sakprosa for born og unge, ny norsk sakprosa for vaksne, samt teikneseriar. Desse skal sikre at forfattarane og utgjevarane av kvalitetslitteratur oppnår tilstrekkeleg inntekt, slik at dei kan publisere litteraturen og at den vert formidla til innbyggjarane gjennom folkebiblioteka. 

Dei andre tilskotsordningane skal mellom anna bidra til auka kunnskap og debatt om litteratur mellom innbyggjarane,  gjennom støtte til litteraturhus, litteraturfestivalar, litteraturkritikk og litterære organisasjonar.  

Føremålet med litteraturutgreiinga er trong for meir kunnskap om korleis tilskotsordningane verkar.

I prosjektskildringa er desse fem delprosjekta lista opp:

  • Status og endringstendensar i litteraturen og det litterære feltet
  • Forvaltinga av tilskotsordningane både enkeltvis og samla sett
  •  Innkjøpsordningane sin innverknad på vilkåra til forfattarane og forlaga, korleis dei  forheld seg til dei og resultatet i form av publiseringar av kvalitetslitteratur
  • Korleis innkjøpsordningane verkar inn på kva slags litteratur som blir gjort tilgjengeleg, profilert og lånt i folkebiblioteka
  • Andre tilskotsordningar sin påverknad på den litterære offentlegheita gjennom støtte til profileringstiltak og andre prosjekt (litteraturhus, litteraturfestivalar, litterære
  • organisasjonar, litteraturkritikk) og korleis desse tiltaka spelar saman med profileringstiltak gjennom biblioteka og i regi av forlaga.

– Prosjektet krev ei svært brei tilnærming. Vi har lukkast å samle ein forskargruppe med solid kompetanse på alle dei viktige fagområda. I tillegg har fleire av medarbeidarane relevante erfaringar med ordningane. Vi har mellom anna to forfattarar og ein bibliotekar i forskingsgruppa. Eg er overtydd om at det er gruppa sin samla kompetanse som gjer at vi har fått tildelt dette prosjektet, seier førstelektor Lars Julius Halvorsen.

Share on