NAFOL-konferansen 2018

Text: Per Arne Brandal

- Updated

Måndag 22. oktober til onsdag 24. oktober 2018 arrangerte Nasjonal forskarskule for lærarutdanning (NAFOL) den femte internasjonale konferansen på Hamar. NAFOL er drive av 17 universitet og høgskular, mellom andre Høgskulen i Volda.  Konferansetemaet var «Validity and Value of Educational Research» 171 deltakarar frå 12 land (Spania, Nederland, Storbritannia, Belgia, Sverige, Danmark, Island, Finland, Tyskland, Ungarn, Italia og Noreg) tok del.


Høgskulen i Volda stilte med fem deltakarar på konferansen. Stipendiatane Elizabeth Oltedal, Marianne Hareide Andreassen og Kim-Daniel Vattøy presenterte eiga forsking. Førsteamanuensis Torhild Høydalsvik deltok som tidlegare NAFOL student, medan førsteamanuensis Siv M. Gamlem deltok som rettleiar for stipendiat Vattøy.

Pris for beste poster

Kim-Daniel Vattøy fekk prisen for beste poster på konferansen. Tittel på presentasjonen hans var «The value of measuring interaction quality in English language teaching», og diskuterte mellombelse resultat frå systematisk observasjon av 65 videoopptak av undervisning i engelsk i ungdomsskulen.

Stipendiat Kim-Daniel Vattøy hadde den beste posteren på konferansen. Posteren er laga i samarbeid med rådgjevar Per Arne Brandal på Kontor for samfunnskontakt.

I dag er det over hundre aktive stipendiatar som deltek i NAFOL sitt fireårige løp. Høgskulen i Volda har hatt seks doktorgradsstudentar i denne forskarskulen. Fire er enno aktive og to har disputert.

– Mange verdset NAFOL på grunn av ein sterk internasjonal og fagleg profil. Eit anna særtrekk er at NAFOL er bygd rundt ein progresjon som støttar studentane sine arbeidsfasar gjennom heile stipendiatperioden. Samstundes vert forskingsnettverk bygde i og mellom deltakarane, seier førsteamanuensis Torhild Høydalsvik ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Søknadsfrist

Noregs forskingsråd finansierer forskarskulen NAFOL for perioden 2010-2021.

– No nærmar det seg søknadsfrist for det som ser ut til å verte det 10. og siste kullet. Søknadsfristen for dette 3-årige løpet er 15. januar 2019, seier Høydalsvik.

Share on